Svartsennep
Rhamphospermum nigrum
Svartsennep er ein viktig krydderplante og er hovudingrediens i fleirtalet av sennepstypar saman med kvitsennep og noko sareptasennep. Desse er plantar som har vore dyrka langt tilbake, til før vår tidsrekning, både kring Middelhavet og i store delar av Asia.
Kjenneteikn
Svartsennep er ei eittårig urt, rak og med ein rikt greina og grovvaksen stengel opptil 1–2 m. Stengelen er stivhåra nedst. Blada er snaue og litt blågrøne; dei nedre stengelblada er buktflika og med stor endeflik og tanna sideflikar, dei midtre stengelblada er avlange, og dei øvste er smale og utan tenner. Blomane sit i opne klasar som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Dei har blomeskaft som er kortare enn begerblada. Begerblada sprikjer, er utan sekkforma grunn og fell ofte tidleg av. Kronblada er gule og 7–9 mm lange. Skulpa er ei 0,8–2,5 cm lang og svært kortskafta langskulpe som ligg inntil stengelen. Veggdelen har veggar med tre eller fleire tydelege nervar og ei rekkje svarte til brune frø i kvart skulperom (4–16 frø i kvar skulpe). Griffeldelen er eit 1,5–4 mm langt nebb og er utan frø. Skulpa er snau, og ho er først grann og knudrete, seinare tjukk og firkanta i tverrsnitt.
Kromosomtal
Svartsennep er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Svartsennep er framand og komen inn på ulike vis. Han blei først påvist som forvilla på 1820-talet, men kan ha vore her sidan mellomalderen (sjå Hartvig 2015). Frå 1800-talet og frametter er han komen med ballastjord, med korn ved møller, og spreidd frå dyrking som krydderplante. Han er funnen på skrotemark og i hagekantar og på vegkantar. Han er gjennom tida funnen spreidde stader i låglandet på Austlandet, langsmed kysten til Jølster (Sogn og Fjordane), og ved møllene og kornsiloane i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag), men han er ikkje og har truleg aldri vore bufast. Frå og med 2000 er han berre dokumentert med funn frå fire stader: i Moss (Østfold) i 2013, Oslo i 2000, Kristiansand (Vest-Agder) i 2006 og kanskje Frosta (Nord-Trøndelag) i 2020. Han er kanskje snart heilt borte frå norsk natur.
Svartsennep kjem opphaveleg frå Middelhavsområdet og Vest-Asia, kanskje hovudsakleg frå austre Middelhavsområdet (men Stace 2019 reknar arten som heimleg på Dei britiske øyane). I Nord-Europa har han vore dyrka sidan mellomalderen. Han er utbreidd over nokså store delar av jorda som krydderplante og er forvilla mange stader.
Kommentarar
Nyare molekylære undersøkingar syner at svartsennep har vore plassert i feil slekt: Brassica. Molekylært høyrer han saman med åkersennep i ei lita slekt med berre eit par andre artar (sjå Al-Shehbaz 2021): Rhamphospermum, her med svartsennep som Rhamphospermum nigrum og åkersennep som Rhamphospermum arvense.
Plants of the World Online (POWO) skil no (i februar 2024) ut svartsennep i ei anna, monotypisk slekt: Mutarda Bernh., som Mutarda nigra (L.) Bernh. Monotypisk tyder at slekta berre har éin art. Vi har ikkje funne ut kvifor svartsennep er handsama slik; den publikasjonen som handsaminga byggjer på, er på russisk og lite tilgjengeleg for oss.
Forvekslingar
Svartsennep kan likne på dei to Brassica-artane som ikkje har stengelomfattande øvre blad: svartehavskål Brassica elongata og sareptasennep Brassica juncea. Skulpa hos svartsennep er tiltrykt stengelen og sit på eit skaft som er kortare enn begeret, medan skulpene hos sareptasennep og svartehavskål sit på sprikjande skaft som er lengre enn begeret. Frå svartehavskål skil han seg dessutan i at skulpa ikkje har noko tydeleg fruktfeste (karpofor), medan svartehavskål har eit fruktfeste på 2–4 mm. Slike fruktfeste ser ut som eit ekstra ledd ovanfor skulpeskaftet, mellom begerfestet og sjølve skulpa. Frå den andre arten i åkersennepslekta, åkersennep, skil han seg lett i dei kortskafta, tiltrykte skulpene.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2021). Nomenclatural adjustments in Eutrema, Ceratocnemum, Rhamphospermum, and Sinapis (Brassicaceae, Cruciferae). Harvard Pap. Bot. 26(1): 1–4.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Svartsennep Rhamphospermum nigrum (L.) Al-Shehbaz. www.artsdatabanken.no/Pages/345658. Lasta ned <dag.månad.år>.