Åkerreddik er truleg framand og komen til landet med tidleg jordbruk. Han var tidlegare eit nokså hyppig ugras i åker og på anna kulturmark, men er blitt jamt meir sjeldsynt dei siste tiåra.

Kjenneteikn

Åkerreddik er eittårig (difor utan bladrosett) og har ein meir eller mindre opprett stengel opptil 75 cm, og skruestilte, djupt delte blad med stor endeflik. Både stengel og blad er strihåra. Blomane sit i ein open klase og er store, med opprette begerblad og med 10–20 mm lange kronblad som oftast er bleikgule, men som kan vere kvite eller bleikt rosa (i Noreg om lag alltid bleikgule), med mørke årer. Skulpa har oftast 3–8 ledd som er sylindriske eller avlange og 3–4 mm breie. Kvart skulpeledd har eitt frø.

Kromosomtal

Åkerreddik er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Åkerreddik er framand og truleg komen til landet med tidleg jordbruk, i bronsealderen eller kanskje tidlegare. I Danmark er han kjend som makrofossil frå sein steinalder (‘Bondestenalderen’, Hartvig 2015). Han er oftast å finne som eit åkerugras, gjerne i korn- eller grønsakåkrar, men veks òg på andre typar skrotemark, særleg på vegkantar, og han er funnen på havstrand (grusstrand). Han veks oftast på noko basefattig grunn. Utbreiinga som bufast er frå nemoral til sørboreal sone, som meir tilfeldig i mellomboreal sone. Planten har vore nokså hyppig i låglandet og dalføra nord til Nord-Trøndelag, med mykje meir spreidde funn nord til Tana og Sør-Varanger (Finnmark). På Svalbard er han funnen nokre få gonger i Longyearbyen, Ny-Ålesund og Barentsburg på Spitsbergen.

Åkerreddik var tidlegare eit nokså hyppig ugras i åker og på anna kulturmark, men er blitt jamt meir sjeldsynt. Det er 128 funn i tiåret mellom 1950 og 1960, medan det er berre litt meir enn halvparten av dette, 67 funn, i tiåret mellom 2010 og 2020, til trass for Artsobservasjonar som jamt over har meir enn dobla talet på funn per år (og tiår) for storparten av plantar. Frå og med 2000 er han hovudsakleg funnen på Austlandet inn til Mjøsområdet og i kyststrøk til Rogaland, med svært få funn lengre nord. Årsaka til at han går attende, er ikkje kjent.

Den opphavelege utbreiinga kan vere i Sør- og Mellom-Europa og i Vest-Asia, og planten kan ha vorte spreidd herifrå med tidleg jordbruk.

Kommentarar

Det er truleg at åkerreddik er stamfaren til dyrka reddik Raphanus sativus. Hybridar mellom dei to er kjende (sjå Stace 2019) og er dels fertile.

Forvekslingar

Åkerreddik skil seg frå dei to andre underartane i frukta. Hos åkerreddik er kvart ledd i frukta sylindrisk eller avlangt og opptil 4 mm tjukt; hos dei andre er kvart ledd om lag kulerundt og meir enn 5 mm tjukt. Dei to andre underartane, havreddik subsp. maritimus og landrareddik subsp. landra, har oftast bladrosett, noko åkerreddik aldri har.

Kjelder

Chater AO (1993). Raphanus L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 417.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Åkerreddik Raphanus raphanistrum subsp. raphanistrum. www.artsdatabanken.no/Pages/345650. Lasta ned <dag.månad.år>.