Finkefrø
Neslia paniculata
Finkefrø er ein framand art som er komen inn med grasfrø, korn og andre jordbruksvarer. Arten har truleg aldri vore hyppig i Noreg og er no knapt funnen på fastlandet på meir enn 50 år. Det er berre eitt nyare funn frå fastlandet og eitt frå Svalbard.
Kjenneteikn
Finkefrø er eittårig med ein stivt opprett stengel opptil 80 cm. Øvre delen av stengelen er ofte greina. Planten er grissent håra med greina hår. Dei aller nedste stengelblada er kortskafta og butte, medan dei andre stengellada er avlange til lansettforma og spisse, heile eller spreidd tanna, og bladgrunnen er stengelomfattande med spisse bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet, og han har oppstigande fruktskaft. Begerblada er opprette til tiltrykte og utan sekkforma grunn. Kronblada er 2–3 mm lange og gule. Frukta er ei ofte om lag rund kortskulpe, 1,5–3 mm i diameter, med skiljeveggen på langs og med nettforma rukkete overflate. Griffelen er tydeleg, men kort, 0,7–1,1 mm. Arret er utydeleg toflika. Skulpa har 1–3 frø og opnar seg ikkje (nøttskulpe).
Kromosomtal
Finkefrø er diploid (kanskje ein sjeldan gong tetraploid) med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14 (28). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Finkefrø er framand, komen inn med jordbruk og kanskje nokså tidleg. Hartvig (2015) skriv at arten er kjent som makrofossil frå fleire stader i Danmark frå tidleg mellomalder, og at han kom inn med grasfrø og korn fram til kring 1900. Han er eit gammalt åkerugras i Noreg òg, kanskje særleg i linåkrar, men dei siste meir enn 100 åra har han berre vore tilfeldig på ulike typar av skrotemark. Dei tre første dokumenterte funna i Noreg er alle frå Oslo i 1834, på Sagene, på Grimelund “inter segetes” (det vil seie i kornåker), og på Malmøya. Det er grunn til å tru at han òg har vore her tidlegare, kanskje frå mellomalderen eller før. Dei siste godt dokumenterte funna frå Fastlands-Noreg er eit herbariebelegg frå Vinje (Telemark): Åmot “grasbakke ved rutebilstasjonen” i 1966 og ein artsobservasjon med gode bilete frå Ålesund (Møre og Romsdal) i 2022.
Finkefrø er gjennom tida funnen over store delar av landet, men aldri som hyppig. Det er spreidde funn på Austlandet inn til Lillehammer (Oppland), Sørlandet, Vestlandet og nord til områda kring Trondheimsfjorden til Levanger (Nord-Trøndelag), og dessutan to funn frå Finnmark (i Alta i 1841 og i Skoganvarre i Porsanger i 1913). Han er òg rapportert éin gong på Svalbard, som tilfeldig i Barentsburg i 1995 (i ein russisk rapport). Arten har truleg ikkje vore bufast nokon stad i Noreg dei siste hundre åra.
Den opphaveleg heimlege utbreiinga låg truleg i det austlege Middelhavsområdet og i Vest-Asia, men arten blei tidleg kulturspreidd over stordelen av Europa, Nord-Afrika og i Nord- og Mellom-Asia heilt aust til Kina og Russlands fjerne austen. I nyare tid er han kulturspreidd til Nord- og Sør-Amerika og Australia.
Forvekslingar
Dei knudrete, runde skulpene som ikkje opnar seg, i kombinasjon med gule kronblad og stengelomfattande blad, er unike for denne arten. Forvekslingar er likevel mogelege, kanskje helst med Camelina. Begge desse slektene har blad med meir eller mindre spisse bladøyre og langskafta, opprette kortskulper med skiljeveggen på langs. Til skilnad har finkefrøslekta runde nøttskulper med rukkete overflate, medan oljedodre-artane har pæreforma skulper som opnar og med slett overflate.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Neslia Desvaux. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 455.
Ball PW (1993). Neslia Desv. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 381.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Finkefrø Neslia paniculata (L.) Desv. www.artsdatabanken.no/Pages/345645. Lasta ned <dag.månad.år>.