Matkarse
Lepidium sativum
Matkarse er ein gammal kulturplante, i bruk i Middelhavsområdet frå oldtida og i Mellom- og Nord-Europa i alle fall frå vikingtida og mellomalderen. Han blir mykje dyrka, men oftast berre som karsespirar, og han er nokså lite forvilla. Han er framand i Noreg.
Kjenneteikn
Matkarse er eittårig med ein opprett, snau og greina stengel opptil 1 m. Blada er lysgrøne. Grunnblada og dei nedre stengelblada er to gonger fjørflika med mange småflikar, men grunnblada visnar tidleg. Dei øvre stengelblada er noko meir fåflika og sit på lengre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er opptil 3,5 mm lange og kvite eller bleikraude. Blomen har seks pollenberarar. Frukta er ei stor og breitt elliptisk til litt pæreforma kortskulpe som er (4,5–)5–7 mm lang. Ho er breitt vengjekanta øvst og med eit innhakk i vengjekanten med ein griffel kortare enn innhakket.
Kromosomtal
Matkarse er truleg di- og tetraploid med grunntala x = 6 og 8 og kromosomtala 2n = 16, 24 (det mest vanlege) og 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Matkarse er framand og innført som mat- og krydderplante. Han vart først funnen i naturen i Noreg “i gaderne i Brevig” i Porsgrunn (Telemark) i 1882. Han er funnen spreidde stader i låglandet og i kyststrøk nord til Brennvika i Hamarøy (Nordland) og med eit par funn i Tromsø (Troms). Han veks på skrotemark, stundom på strandkantar, og han frøformeirar seg i naturen og held seg stundom nokre få år, men han er ikkje dokumentert som bufast nokon stad i Noreg.
Matkarse kjem truleg opphaveleg frå Nordaust-Afrika og Vest-Asia, men fordi han har vore dyrka så lenge, er det uklårt kva som er den heimlege utbreiinga.
Forvekslingar
Matkarse liknar ikkje så mykje på dei andre artane i slekta, eller på andre krossblomar for den del, med dei to gonger flika blada og dei store skulpene.
Kjelder
Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Matkarse Lepidium sativum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345634. Lasta ned <dag.månad.år>.