Greinkarse er den mest hardføre av alle Lepidium-artar og er utbreidd som ugras nord til Alaska og boreale Canada. I Noreg er han framand og berre funnen nokre få gonger. Han er ikkje bufast, sjølv om han i utgangspunktet skulle vere meir enn hardfør nok til å bli det.

Kjenneteikn

Greinkarse er eittårig, med grissent håra, opprett stengel opptil 30–40 cm. Alle blada er om lag heile (òg grunnblada), noko som skil han frå dei nære slektningane i tettkarsegruppa (Lepidium densiflorum med fleire). Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er svært korte og trådsmale eller manglar heilt. Blomen har to pollenberarar. Frukta er ei rund eller omvendt eggforma kortskulpe som er 2,2–3,2 mm lang. Ho er smalt vengjekanta øvst.

Kromosomtal

Greinkarse er tetra- og oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 32 og 64. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Greinkarse er framand og om lag berre funnen ved møller og kornsiloar, her opplagt komen med amerikansk korn: Moss (Østfold) i 1932, Skien (Telemark) i 1924, Skaun i 1930 og 1934 og Trondheim i 1975 (Sør-Trøndelag). Eit seinare funn er på Tofte i Hurum (Buskerud) i 2002, der arten kan ha kome inn med amerikansk tømmer.

Arten er heimleg i vestlege og midtre Nord-Amerika, med nokre få funn vidare austover, og i nordlege Mexico. Han går heilt nord til Alaska og boreale Canada (her oftast under namnet Lepidium bourgeauanum Thell.).

Kommentarar

Dette er ein svært hardfør art som kunne ha fått den største utbreiinga i Noreg av alle Lepidium-artar, i alle fall dersom han hadde blitt innført oftare og komen inn på dei rette stadene. Dei norske funna byggjer tydelegvis på innførsel frå meir sørlege område, og vi har kanskje ikkje fått inn skikkeleg hardføre biotypar.

Amerikanarane har ofte kalla denne arten for Lepidium bourgeauanum, men det namnet er frå 1906, medan namnet Lepidium ramosissimum har prioritet frå 1899. Det sistnemnde namnet er difor korrekt prioritetsnamn dersom desse to namna syftar på same arten, noko vi trur at dei gjer.

Forvekslingar

Greinkarse liknar mykje på artane av tettkarse-gruppa (tettkarse Lepidium densiflorum, rundkarse Lepidium neglectum og virginiakarse Lepidium virginicum). Han skil seg i at alle blada er heile, medan dei tre andre har flika til fjørdelte nedre blad.

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Gaskin JF (2010). Lepidium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 570–595.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hultén E (1968). Flora of Alaska and neighboring territories. A manual of the vascular plants. Stanford University Press, Stanford, California. 1008 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Greinkarse Lepidium ramosissimum A.Nelson. www.artsdatabanken.no/Pages/345632. Lasta ned <dag.månad.år>.