Strandkarse blei først funnen som nokså opplagt framand i Noreg, truleg komen som ureining med korn. I nyare tid synest arten å ha kome inn av seg sjølv med havstraumar og er difor – i alle fall dels – heimleg. Han er no i rask spreiing på havstrand kring Oslofjorden og sørover Skagerrak-kysten til Risør.

Strandkarse er både framand og heimleg i Noreg. Her på Nøtterøy i Vestfold er han truleg heimleg.

Kjenneteikn

Strandkarse er ei snau, fleirårig urt som er grovvaksen og som kan bli 80 cm høg. Planten veks ofte i store og tette, reine bestandar. Grunnblada og dei nedre stengelblada er skafta, elliptiske og fint sagtanna; dei midtre stengelblada er mykje smalare og sagtanna, og dei aller øvste heile og sitjande. Blomestanden er ein rikt greina topp som er svært rikbloma. Kronblada er kvite og 2–2,5 mm lange, om lag dobbelt så lange som begerblada. Blomen har seks pollenberarar. Skulpa er ei breitt elliptisk til rund kortskulpe som er 1,6–2,7 mm lang. Ho kan vere snau eller noko håra. Ho er utan vengjekant og utan innhakk i toppen. Kvart skulperom har eitt frø.

Strandkarse er no godt etablert som heimleg på havstrand, både på sand- og grusstrand og på tangvollar. Her frå Nøtterøy i Vestfold.

Dei nedre blada er elliptiske og fint sagtanna, og dei øvre blada er mykje smalare enn dei nedre og sagtanna til heile. 

Kromosomtal

Strandkarse er diploid (sjeldan tetraploid) med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24 (48). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Strandkarse er utbreidd som bufast i nemoral og boreonemoral sone. Som framand kom han frå først av til Noreg med ballastjord til “Ballastpladsen i Xania” i Oslo i 1862. Seinare kom han inn med korn ved møller, i Moss (Østfold) frå 1920 og i Stange (Hedmark) i 2003. Tidlegare rekna ein med at dagens norske utbreiing på havstrand hadde utgangspunkt i spreiing frå innførselen i Moss, men dette er no mindre sannsynleg. Det første strandfunnet ein annan stad enn i hamneområdet i Moss, vart til dømes gjort på ei øy i skjergarden i Kragerø (Telemark), langt frå Moss. Arten blir no vurdert til òg å vere heimleg, komen i nyare tid spontant med havstraumar frå Sverige og/eller Danmark og etablert på havstrand, både på sand- og grusstrand og på tangvollar (sjå Solstad mfl. 2021). Han er no hyppig frå Oslo sør til Hvaler (Østfold) og Nøtterøy (Vestfold), og med nokre funn vidare langsmed Skagerrakkysten i Larvik (Vestfold) i 1996, Kragerø (Telemark) frå 1946 og Risør (Aust-Agder) frå 1985. Han er òg rapportert funnen i Hå i 2020 og Stavanger i 2017 (Rogaland) og i Ålesund (Møre og Romsdal) i 2013, men vi har ikkje sett dokumentasjon for desse funna. Dette er ein karakteristisk og lett kjenneleg art, og desse rapportane er truleg riktige.

Arten er vidt utbreidd i Europa, Middelhavsområdet og austover i Asia om lag til Stillehavet. Han er kulturspreidd i Nord- og Sør-Amerika og i Australia.

Kommentarar

Strandkarse er svært ekspansiv på strandkantar ved Oslofjorden. Dei store, tette bestandane kan trengje vekk og skugge ut andre plantar.

Forvekslingar

Strandkarse liknar ikkje mykje på nokon annan Lepidium-art eller norsk krossblome, og heller ikkje på nokon annan plante i Noreg. Den rikbloma og rikgreina blomestanden saman med dei fint sagtanna blada er særprega.

Kjelder

Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Halvorsen R og Grøstad T (1998). Er strandkarse Lepidium latifolium L. ei ballastplante i Norge? Tre nye funn av strandkarse i Vestfold og Østfold. Blyttia 56: 126–131.

Lye KA (1989). Strandkarse, Lepidium latifolium, en havstrandplante i Norge. Blyttia 47: 109–113.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24.11.2021). Karplanter: Vurdering av strandkarse Lepidium latifolium for Norge. Rødlista for arter 2021. Artsdatabanken. https://www.artsdatabanken.no/lister/rodlisteforarter/2021/28447

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Størmer G (2011). Nytt funn av strandkarse Lepidium latifolium ved Drøbak – arten er i spredning i Oslofjord-området. Blyttia 69: 28–31.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Strandkarse Lepidium latifolium L. www.artsdatabanken.no/Pages/345629. Lasta ned <dag.månad.år>.