Det finst to herbariebelegg av denne framande arten frå “Sommerro” i Oslo tidleg på 1800-talet. Det er omlag alt vi veit om han i Noreg.

Kjenneteikn

Rukkekarse er ein eitt- til toårig, liten plante, stundom 15 cm eller meir. Han er grissent håra med ugreina hår. Stengelen er nedliggjande eller opprett og greina. Grunnblada er frå heile til djupt fjørdelte; stengelblada er heile. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko. Kronblada er kvite og 1–3 mm lange, berre litt lengre enn begerblada. Frukta er ei elliptisk til omvendt eggforma eller om lag rund kortskulpe med skiljeveggen på tvers. Ho sit på skulpeskaft som er jamlangt med eller lengre enn skulpa. Skulpeveggane er gjennomskinlege og med nettnervatur. Det er 3–10 frø i kvart skulperom.

Kromosomtal

Rukkekarse er diploid (sjeldan tetraploid) med grunntal x = 6 og kromosomtal 2n = 12 (24). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Rukkekarse er framand og berre funnen i Oslo i første halvdel av 1800-talet, med teksta “Sommerro, tilfældig” på herbariearkene. Innsamlinga er ikkje datert, men samlaren (M.N. Blytt) var aktiv frå 1820-talet og nokre tiår utover. Det er fleire plassar ‘Sommerro’ i Oslo, men truleg er planten samla i det området som var kalla ‘Sommerro’ kring det som no er Solli plass, vest for slottet. Her hadde rikfolk sommarhus frå 1700-talet og godt inn på 1800-talet.

Arten er elles vidt utbreidd kring Middelhavet og austover i Asia til Mongolia, og han er òg blitt kulturspreidd til Nord- og Sør-Amerika, Sør-Afrika og Australia. Han er den einaste arten i slekta som er kulturspreidd.

Forvekslingar

Inga forveksling er sannsynleg, då arten neppe blir funnen i Noreg att. Han skil seg frå den andre arten i slekta, kalkkarse Hornungia petraea, mellom anna i at han har ugreina hår, medan kalkkarse har stjernehår, og i at han har fleire enn to frø i kvart skulperom, medan kalkkarse har 1–2 frø.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Hornungia Reichenbach. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 530–531.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Heywood VH (1993). Hymenolobus Nutt. + Hornungia Reichenb. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 382–383.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Rukkekarse Hornungia procumbens (L.) Hayek. www.artsdatabanken.no/Pages/345616. Lasta ned <dag.månad.år>.