Skumtfiol er ein framand art som var mykje i bruk som prydplante på 1800-talet, men som no er gått om lag ut av bruk. Han forvilla seg noko i si tid, men er ikkje funnen i naturen i Noreg på over 100 år.

Kjenneteikn

Skumtfiol er to- til fleirårig, med opprette stenglar som kan bli meir enn 50 cm høge, og strihåra med greina og ugreina hår og kjertelhår. Grunnblada og dei nedre stengelblada er eggforma til lansettforma og heile eller tanna. Dei øvre stengelblada er hjarteforma og halvveges stengelomfattande ved grunnen. Blomestanden er ein kort klase eller topp som strekkjer seg i fruktstadiet. Kronblada er 20–25 mm eller meir, smale og om lag linjeforma (2–4 mm breie), og dei er gule eller oftare (hos hageplantane) ureint purpurfarga. Frukta er ei langskulpe som er 40–180 mm lang og 2,5–4,5 mm brei. Ho sit på eit 40–90 mm langt skaft og har flate veggsider. Griffelen er om lag 0,5 mm lang. Arret er djupt toflika. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Kromosomtal

Skumtfiol er diploid (sjeldan tetraploid) med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14 (28). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Skumtfiol er framand og innført som prydplante. Han var mykje i bruk på 1800-talet, men gjekk ut av bruk tidleg på 1900-talet. Dei siste åra har han dukka opp att i nokre hagar, mest som ein raritet. Han var forvilla og bufast fleire stader i Oslo frå 1857 til 1913, og han er òg funnen i Bærum (Akershus) i 1890 og Gran (Oppland) i 1901. Sidan 1913 er han ikkje funnen i norsk natur.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Austerrike og Tsjekkia gjennom Søraust-Europa til Kasakhstan.

Forvekslingar

Det er knapt mogeleg å forveksla denne merkelege planten med nokon annan; dei smale, gule til ureint purpurfarga kronblada og dei lange skulpene på lange skulpeskaft er heilt særprega.

Kjelder

Ball PW (1993). Hesperis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 336–337.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Skumtfiol Hesperis tristis L. www.artsdatabanken.no/Pages/345612. Lasta ned <dag.månad.år>.