Kålskrinneblomslekta
Fourraea
Slekta omfattar berre éin art: kålskrinneblom. Fleire forfattarar inkluderer han i tårnurtslekta, men vi handsamar han her i ei særskild slekt.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Den eine arten vi reknar til denne slekta, har vore innom åtte slekter (Arabis, Brassica, Caulopsis, Crucifera, Erysimum, Fourraea, Sinapis og Turritis), noko som seier litt om kor vanskeleg det kan vere å sortere krossblomar på slekter. Vi følgjer her Greuter og Burdet i Greuter og Raus (1984) som beskriv slekta Fourraea med denne eine arten.
For kjenneteikn og annan informasjon, sjå arten.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Greuter W og Raus T (1984). Med-Checklist Notulae 8. Willdenowia 13: 277–288.
Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kålskrinneblomslekta Fourraea Greuter & Burdet. www.artsdatabanken.no/Pages/345607. Lasta ned <dag.månad.år>.