Fuglenebb
Euclidium syriacum
Fuglenebb er ein framand art som i hovudsak er ein subtropisk plante. Ingen har sett snurten av han sidan byrjinga på 1900-talet; han er funnen berre éin gong i Noreg, komen inn med ballastjord.
Kjenneteikn
Fuglenebb er eittårig og opptil 40 cm, men oftast meir lågvaksen. Planten er tett gråhåra med både ugreina og greina hår. Blada er lansettforma til avlange og bukttanna; dei nedre (grunnblada) er ofte flika. Blomane er svært små. Kronblada er 1–1,5 mm lange, kvite, linjeforma og utranda, og knapt lengre enn begerblada. Frukta er ei 2,5–4 mm lang, eggforma kortskulpe med 4 kantar. Skulpa har ein tydeleg griffel på 1–2 mm (‘fuglenebbet’ i det norske namnet) og eit 2-flika arr. Skulpa opnar seg ikkje (nøttskulpe) og har 2 frø.
Kromosomtal
Fuglenebb er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Fuglenebb er framand og funnen éin gong i Noreg, komen inn med ballastjord på Øra i Fredrikstad (Østfold) i 1904. Vi veit ikkje om andre funn i Nord-Europa. Den globale utbreiinga er subtropisk til varmtemperert, frå Aust-Europa austover til India, Kina og Mongolia. Planten kan ha kome inn til Noreg med skip frå Svartehavsområdet.
Forvekslingar
Fuglenebb har ingen opplagde forvekslingar; kronblad og frukter liknar ikkje på andre krossblomar kjende frå Noreg. Det skal òg godt gjerast å treffe på denne planta att.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Euclidium W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 552–553.
Ball PW (1993). Euclidium R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 342.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Fuglenebb Euclidium syriacum (L.) W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/345605. Lasta ned <dag.månad.år>.