Kverngull
Erysimum repandum
Kverngull er framand og kom inn til Noreg på 1900-talet, hovudsakleg med russisk korn ved møller og kornsiloar. Han er ikkje funnen i landet på meir enn 30 år.
Kjenneteikn
Kverngull er ein eittårig, rikt greina plante som blir opptil 50 cm høg. Han er nokså mykje håra med både tiltrykte (malpighiske) gaffelhår og tregreina hår. Grunnblada (visnar tidleg) og dei nedre stengelblada er lansettforma og oftast meir eller mindre djupt flika. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Blomeskafta er svært korte, 1–3 mm, men strekkjer seg til 5 mm eller meir i fruktstadiet. Kronblada er gule og nokså små, 6–10 mm lange og berre 1–2 mm breie, og dei er håra på utsida. Frukta er ei langskulpe på 4–10 cm, som står på sprikjande skaft.
Kromosomtal
Kverngull er diploid med grunntal x = 8 (kanskje òg 7) og kromosomtal 2n = 16 (14). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Kverngull er framand og kom i all hovudsak inn med korn i hamner, ved møller og kornsiloar. Nokre av dei tidlegaste funna kan hengje saman med innførsel med ballastjord (i Trondheim, Sør-Trøndelag, i 1875 og 1906), men elles er han knytt til import av russisk korn i to periodar, (A) frå 1905 til 1932 og (B) frå 1952 til 1991. Han er funnen i Oslo (A, møller kring Torshov), Skien, Telemark (AB, mølla på Bøleveien), Lillesand, Aust-Agder (A), Kristiansand, Vest-Agder (B), Stavanger, Rogaland (B, òg i Klepp), Bergen (AB, Hegrenes mølle) og Vaksdal (B, Vaksdal mølle), begge i Hordaland, og Skaun (AB, Pienes mølle) og Trondheim (B, Ilsvika), begge i Sør-Trøndelag. I tillegg er det einskilde funn på bygdene i Hordaland i periode A, truleg på grunn av bruk av avfall frå reinsing av korn som hønsefôr (i Stord 1914, Odda 1912, Ullensvang 1925 og Voss 1916) og eit funn frå Ringsaker (Hedmark) i 1952 av uvisst opphav.
Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Mellom- og Sør-Europa austover til Kasakhstan og nordaustlege Kina (Xinjiang).
Forvekslingar
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Erysimum Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 534–545.
Ball PW (1993). Erysimum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325–335.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kverngull Erysimum repandum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345603. Lasta ned <dag.månad.år>.