Spansk reddik er ein framand art som berre er funnen to gonger som forvilla i Noreg, siste gong i 1952. I Europa veks spansk reddik som heimleg berre i Hellas; i Spania er arten framand, men Linné hadde spansk materiale framfor seg då han beskreiv Sinapis hispanica L. Det norske namnet er difor uhøveleg og syfter på det uhøvelege vitskapelege artsnamnet.

Kjenneteikn

Spansk reddik er eitt- til toårig og snau eller litt håra nedst. Plantane kan bli opptil 50 cm høge. Blada er djupt buktflika til fjørdelte med om lag linjeforma flikar. Blomane sit i klase utan støtteblad. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er lysfiolette og 10–15 mm lange. Skulpa er berre 1–2 cm lang og smalnar brått mot griffelen. Veggdelen opnar seg og slepp ut dei 2–4 frøa medan griffeldelen med 1–3 frø ikkje opnar seg.

Kromosomtal

Spansk reddik er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Spansk reddik er framand og berre funnen to gonger i Noreg: på “Ballastbryggen i Grønlien” i Oslo i 1891 og på avfallsplassen på Sluppen i Trondheim (Sør-Trøndelag) i 1952. Meir veit vi ikkje.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Hellas og Egypt aust til Iran og er subtropisk.

Forvekslingar

Spansk reddik har ingen opplagde forvekslingar; dei smale, lysfiolette kronblada og den særprega skulpa gjer denne arten heilt spesiell. Det er heller ikkje sannsynleg å treffe på han.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Heywood VH (1993). Erucaria Gaertn. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 413.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Spansk reddik Erucaria hispanica (L.) Druce. www.artsdatabanken.no/Pages/345596. Lasta ned <dag.månad.år>.