Vårrublom
Draba verna
Vårrublom er ein heimleg, ørliten og eittårig plante som blømer tidleg på våren i Sør- og Midt-Noreg, der han er nokså vanleg. Når botaniserings-sesongen startar, er han allereie i frukt eller visna ned. Han er òg ein morfologisk, genetisk og systematisk komplisert plante, der vi enno ikkje har fått noko godt tak på variasjonen i Noreg.
Kjenneteikn
Vårrublom er eittårig, liten og spinkel, opptil 20 cm (men oftast mykje meir lågvaksen), og han blømer og visnar tidleg i sesongen. Planten er grissent håra med greina hår, stjernehår og ofte òg ugreina hår. Alle blada sit i rosett. Dei er spatelforma til lansettforma, butte eller spisse, og heile eller spreidd tanna. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet og med lange fruktskaft. Begerblada er 1,5–2,5 mm lange og opprette. Kronblada er 1,5–6 mm lange, kvite og kløyvde ned til midten eller lengre. Frukta er ei kortskulpe på 3–12 mm, oftast elliptisk eller omvendt eggforma, og snau, med ein svært kort griffel (opptil 0,2 mm lang).
Kromosomtal
Vårrublom er diploid til oktoploid med grunntala x = 7 og 8 og kromosomtal frå 2n = 14 til 64 (eller kanskje til 108). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Arten eller artsgruppa har ein uvanleg komplisert struktur når det gjeld kromosomtal.
Økologi og utbreiing
Vårrublom er heimleg og nokså vanleg i delar av landet på tørr sand- og grusjord, tørr grasbakke, på berg med grunt jorddekke, og ofte på tørre veg- og jernbanekantar, tun og anna skrotemark. Han veks næringsfattig, men både på sur og på basisk grunn. Utbreiinga ligg hovudsakleg i nemoral og boreonemoral sone, litt inn i sørboreal sone. Arten er hyppig til lokalt vanleg på Austlandet frå Østfold og Flekkefjord (Vest-Agder) nord til Kongsvinger og Ringsaker (Hedmark) og Gran (Oppland). Han er noko meir spreidd i Rogaland og Hordaland og i indre fjordstrøk frå Aurland til Stryn (Sogn og Fjordane), og her er han funnen opp til om lag 800 moh. i Aurland. Han er nokså hyppig att kring Trondheimsfjorden frå Snillfjord og Trondheim (Sør-Trøndelag) nord til Steinkjer (Nord-Trøndelag). Han er òg funnen i Brønnøy og Dønna (Nordland). Ein omtale av økologi og utbreiing finn ein hos Fægri (1996).
Den globale utbreiinga som heimleg ligg i Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia aust til Kasakhstan og Himalaya, truleg òg på Den arabiske halvøya og i Etiopia. Elles er arten kulturspreidd til mange stader i Nord- og Sør-Amerika, Australia og Japan.
Kommentarar
Det er framleis usemje om vårrublom skal gå inn i den større slekta Draba eller vere ei særskild slekt: Erophila. Sjå diskusjonen hos Koch og Al-Shehbaz (2002).
Fleire underartar (eller nærskylde artar) er rapporterte frå Nord-Europa. Storparten av det norske materialet samsvarar med Draba verna s. str., men nokre plantar som kanskje høyrer til nokre av dei andre einingane er funne i kyststrøk i søraust. Variasjonen er ikkje utgreidd i Noreg. Problema i oppdeling av arten heng saman med den uvanleg kompliserte variasjonen i kromosomtal (som fører til kryssingsbarrierar) og i at plantane er sterkt innavla, med mange sokalla ‘reine’ liner som kan sjå litt ulike ut, men som ikkje skil seg mykje genetisk. På Dei britiske øyane reknar Stace (2019) med tre artar (som Erophila): Erophila majuscula Jord., Erophila verna (L.) DC. s. str. og Erophila glabrescens Jord. Dette byggjer mykje på arbeida til Filfilan og Elkington (1991, 1998), men som Walters (1993) skriv: “Unfortunately it does not seem possible to apply this taxonomy to the variation in Europe as a whole”. Walters refererer til den klassiske undersøkinga til Winge (1940) og skil mellom fire underartar i Europa: subsp. verna (inkludert Erophila majuscula) i storparten av Europa, subsp. macrocarpa (Boiss.) Walters ved Aust-Middelhavet, subsp. praecox (Steven) Walters, som skal vere sjeldsynt i Nord-Europa, og subsp. spathulata (A.F.Láng) Walters i storparten av Europa. Han skriv òg at diploide plantar (med 2n = 14), Winges Erophila simplex, kan høyre til subsp. verna. Ei høgpolyploid eining, Erophila quadruplex Winge med 2n = 52–64 kan samsvare med Erophila glabrescens. Ei freisting på revisjon av det norske materialet etter kriteria i Flora Europaea (Walters 1993) og britiske florabøker, fall ikkje heldig ut. Vi kan difor ikkje seie noko om vi har fleire einingar i Noreg, og kvar dei eventuelt veks.
Forvekslingar
Dei kløyvde kronblada i vårrublom gjer arten nokså unik både i slekta rublom og mellom norske krossblomar i stort.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Fægri K (1996). Erophila verna. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: I–II + pl. 17.
Filfilan SA og Elkington TT (1991). Erophila DC. I TCG Rich (red.), Crucifers of Great Britain and Ireland: 42, 256–259.
Filfilan SA og Elkington TT (1998). Erophila. I TCG Rich og AC Jermy (red.), Plant Crib: 126–128.
Koch M og Al-Shehbaz IA (2002). Molecular data indicate complex intra- and intercontinental differentiation of American Draba (Brassicaceae). Annals of the Missouri Botanical Garden 89: 88–109.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Winge Ø (1940). Taxonomic and evolutionary studies in Erophila based on cytogenetic investigations. Comptes Rendus de travaux du Laboratoire Carlsberg, Série Physiologie 23: 41–74.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Vårrublom Draba verna L. www.artsdatabanken.no/Pages/345594. Lasta ned <dag.månad.år>.