Storrublom
Draba hirta
Storrublom er vidt utbreidd i alle nordlege område. Han er heimleg og er ein av dei mest vanlege artane av slekta i Noreg, utbreidd langsmed og i fjellkjeda og på Svalbard.
Kjenneteikn
Storrublom er ei fleirårig urt som er nokså storvaksen til å vere ein Draba. Ho veks i grisne tuver med store rosettar og med stenglar opptil 25 cm (eller meir). Rosettblada er lange, spatelforma og ofte noko tanna. Blomestenglane har 1–4 blad som er mykje mindre enn rosettblada og stundom tanna. Blad og blomestenglar er oftast tetthåra, med kortskafta, regelrette stjernehår med oftast 3–8 greiner, stundom òg med nokre ugreina hår og gaffelhår. Den eine rasen (var. dovrensis) er stjernehåra heilt opp i blomestanden og på fruktskaft og frukter; den andre rasen (var. hirta) er påfallande snau oppe i blome- og fruktstand. Blomestanden er ein rikbloma klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomane er relativt store og heilt opne. Kronblada er kremkvite og 3–5 mm lange. Frukta er ei smalt eggforma eller lansettforma kortskulpe (stundom på grensa til langskulpe, det vil seie kring tre gonger så lang som brei). Ho sit på noko sprikjande skaft som ofte er jamlangt med eller lengre enn skulpa. Skulpeveggane har ofte tydelege sidenervar, noko som ikkje er vanleg hos andre norske Draba. Skulpa er snau (var. hirta), stjernehåra (var. dovrensis), eller stundom grissent håra med ugreina hår eller fågreina stjernehår (reknas som ein del av variasjonen i var. hirta). Griffelen er tydeleg, men kort og oftast ikkje meir enn 0,2 mm lang. Frøa er lysbrune og 1,0–1,3 mm lange.
Kromosomtal
Storrublom er truleg berre oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 64. Teljingar er utførte på norske plantar. Det er nokre teljingar av 2n = 80 frå utanfor Noreg, men vi er ikkje sikre på at materialet som desse er bygd på, høyrer til denne arten.
Økologi og utbreiing
Storrublom er heimleg og veks på open grus, i rasmark, på berghyller og i tørr rabb og grashei, i fjellskogen og noko opp i snaufjellet. Han er òg ofte å sjå på veg- og jernbanekantar, torvtak og anna forstyrra mark. Han veks mest berre på baserik grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå sørboreal til mellomarktisk sone og opp i lågalpint belte, med nokre førekomstar i mellomalpint belte. Arten har ei noko todelt utbreiing i og langsmed fjellkjeda i Noreg, med to kjerneområde og nokre få og kanskje tvilsame funn imellom. Det sørlege kjerneområdet strekkjer seg frå Stor-Elvdal (Hedmark), Nordre Land (Oppland) og Jondal (Hordaland) nord til Trollheimen i Rennebu (Sør-Trøndelag). Det nordlege kjerneområdet strekkjer seg frå Lierne (Nord-Trøndelag) til Aust-Finnmark. I Arktis er arten hyppig i fjordstrøk på Spitsbergen, funnen i alle fall éin stad på Barentsøya og finst kanskje på Edgeøya og Nordaustlandet.
Den globale utbreiinga er vid, men noko uklår. Plants of the World Online (POWO) kartlegg arten under minst tre namn: som Draba hirta på Grønland og i nordlege Eurasia sør til Skandinavia, Kasakhstan og Mongolia og aust til Chukotka, som Draba daurica DC. i Nord-Europa og Nordvest-Sibir (men ikkje frå Dahuria der plantane som det vitskaplege namnet byggjer på, kjem frå), og som Draba glabella Pursh i nordlege Nord-Amerika og Grønland. Legg ein saman desse, får ein fram ein art som er utbreidd i alle boreale og arktiske område. Hultén og Fries (1986, under namnet Draba hirta) utelukkar han frå område i Europa sør for Skandinavia og kartlegg han som todelt i Asia, med eitt delareal i dei arktiske delane og eit anna i meir sørlege fjell, men ikkje sør til Kasakhstan og Mongolia. Vi trur at dette er riktig.
På grunn av manglande revisjon av opplysningar i ulike kjelder er kartet misvisande og ikkje brukande. Det inneheld truleg svært mykje data som høyrer til andre artar, særleg bergrublom Draba rupestris. Eit omfattande revisjonsarbeid er naudsynt før desse dataene er pålitelege.
Kommentarar
Storrublom er ein svært formrik art, noko som ikkje er underleg ut frå den store utbreiinga. Det norske materialet fordeler seg på to hovudgrupper, men med mellomformer. Storparten av materialet har snaue skulper og er snaue på greiner og midtakse i blomestanden. Dette materialet reknar vi som skredrublom var. hirta. I eit mindre område i sør, med sentrum i Jotunheimen og på Dovrefjell, veks plantar som er tett og grått stjernehåra heilt ut til skulpespissane. Desse reknar vi som dovrerublom var. dovrensis. Problemet er at det òg finst plantar som har nokre hår, og ofte ikkje regelrette stjernehår, i blomestanden og på skulpene. Dei er ikkje mellomformer mellom dei to varietetane, men truleg heller ein del av variasjonen innanfor var. hirta.
Det vitskaplege namnet vi bruker for arten, er omdiskutert. Det namnet vi har brukt i dei siste tiåra, Draba glabella Pursh frå 1813, er bygd på plantar frå Canada. Tidlegare blei namnet Draba daurica DC. frå 1821 mykje brukt, bygd på plantar frå Dahuria, dvs. områda kring Baikalsjøen i søraustlege Sibir. Vi har samanlikna plantar frå Sibir, Alaska, Canada, Grønland og Nord-Europa, og vi har ikkje funne mykje skilnad. Det eldste mogelege namnet er Draba hirta L. frå 1759, bygd på nordeuropeiske plantar. Hos Elven mfl. (2022) nyttar vi dette namnet, til trass for at det førebels ikkje er bygd på ein eintydig type. Originalmaterialet i Linné-herbariet i London (Herb. Linn. 823.12) inneheld to ufullstendige plantar og er heterogent. Det eine fragmentet kan tilhøyre storrublom slik vi oppfattar han i dag, medan det andre fragmentet kan høyre til bergrublom. I påvente av ei typifisering, går vi likevel for dette namnet fordi det er eldst og kan bli typifisert eintydig, når nokon tek strevet med å gjere det.
Ein hybrid med lodnerublom, Draba hirta (var. hirta) × Draba incana, er funnen i Målselv (Troms), men er kanskje oversett elles.
Forvekslingar
Dei nokså store og regelrette stjernehåra hos storrublom gjer at det berre er to artar han kan bli forveksla med: mjølrublom Draba arctica og grårublom Draba cinerea. Det er mykje forvekslingar òg med bergrublom Draba rupestris og lodnerublom Draba incana, men desse forvekslingane kjem av at ein ikkje har sett grundig nok på håra; desse to artane har ikkje regelrett greina stjernehår. Snørublom Draba nivalis er òg stjernehåra, men er ein mykje mindre plante med knøttsmå stjernehår.
Storrublom skil seg frå både mjølrublom og grårublom i at griffelen er tydeleg kortare, 0,4–0,5 mm mot 0,8–1,0 mm hos begge dei andre. Dette er den første karakteren ein må sjå etter. Grårublom har dessutan ei svært kort og breitt elliptisk skulpe, mindre enn to gonger så lang som brei, og ho sit på eit svært kort skaft, ofte kortare enn skulpa. Dei to andre har skulper som er meir enn to gonger så lange som breie og smalt elliptiske, smalt eggforma eller oftare lansettforma, og dei sit på skaft som er jamlange med eller lengre enn skulpa. Storrublom har skulpe som anten er snau eller stjernehåra, medan dei to andre alltid har stjernehåra skulpe.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Bretten S (1973). Slekta Draba i Knutshø – Finshø-området på Dovre. Sider ved dens systematikk og autøkologi. Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Trondheim, Trondheim.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992). Recurrent formation and polyphyly of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). American Journal of Botany 79: 673–688.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Storrublom Draba hirta L. www.artsdatabanken.no/Pages/345581. Lasta ned <dag.månad.år>.