Blygsennep
Coincya tournefortii
Blygsennep er ein framand art som opphaveleg kjem frå Middelhavsområdet og Vest-Asia. I ein periode på 1960-talet blei arten funnen fleire gonger ved møller og kornsiloar i Noreg, og ein rekna han som ein nykommar som kanskje var i ferd med å etablere seg. Dei siste 30 åra er han ikkje funnen i det heile teke, og funna frå 1960-talet til 1980-talet var nok berre eit blaff.
Kjenneteikn
Blygsennep er ei eittårig urt med ein rak stengel opptil 50 cm. Nedre delar av planten er strihåra med ugreina hår. Grunnblada er djupt delte med 5–10 par butte flikar. Stengelblada er små og har kileforma grunn; dei er ikkje stengelomfattande. Blomane sit i klasar som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er oppstigande, og dei to indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er bleikgule og ofte litt fiolettfarga ved grunnen. Dei er svært smale, 5–7 mm lange og berre om lag 1,5 mm breie med lange skaft. Frukta er ei langskulpe på sprikjande skaft, utan tydeleg fruktfeste (karpofor) øvst på skaftet. Skulpa er 3–7 cm lang, med ein knudrete veggdel med éi rekkje frø i kvart skulperom, og med eit nebb (griffeldelen) som er 1–2,5 cm langt og om lag like breitt som arret og med eitt til tre frø. Skulpeveggane har tre tydelege nervar, og det sit éi rekkje frø i kvart skulperom.
Kromosomtal
Blygsennep er diploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 20. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Blygsennep er framand og om lag berre funnen ved møller og på andre kornplassar: Aktiemøllen på Bølevegen i Skien (Telemark) i 1972 og 1989, Christianssands møller på Grim i Kristiansand (Vest-Agder) i 1969 og 1975, Havnesiloen og Nordkronen mølle i Stavanger (Rogaland) i 1987 og 1988, Tou mølle i Strand (Rogaland) i 1964 og 1967, Vaksdal mølle i Vaksdal (Hordaland) i 1967, og Ilsvika silokompleks i Trondheim (Sør-Trøndelag) i 1973. Arten såg ut til å kome inn i Noreg nokså ofte ein periode framover frå 1960-talet, men det siste funnet er frå 1989, noko som tyder på at innførselen har stoppa opp. Arten er dermed ikkje funnen på over 30 år og er i dag ikkje å rekne som ein del av norsk flora.
Den heimlege utbreiinga er i Middelhavsområdet og austover i Asia til Iran og Pakistan.
Kommentarar
Blygsennep var tidlegare rekna som ein Brassica, som Brassica tournefortii Gouan, men blir i Plants of the World Online (POWO) ført til ei anna slekt, lakksennepslekta Coincya, som Coincya tournefortii. Dette byggjer på ei omnamning hos Alcaraz mfl. (1989). Dette kan vere den løysinga som samsvarar best med molekylære analysar, og vi følgjer ho her, men vi har ikkje funne den primære kjelda for omnamninga.
Forvekslingar
Blygsennep skil seg frå både lakksennep Coincya monensis (og frå alle Brassica-artar som er funne i Noreg), i dei smale, langskafta og bleikgule kronblada med noko fiolett grunn. Desse kronblada skil han òg frå om lag alle andre gulbloma krossblomar. Det er elles lite truleg at ein finn denne arten i Noreg i dag; i så fall er det viktig med skikkeleg dokumentasjon helst i form av eit godt belegg.
Kjelder
Alcaraz FJ, Díaz TE, Rivas Martínes S og Sánchez- Gómez P (1989). Datos sobre la vegetación del sureste de España provincia biogeografíca Murciano–Almeriense (IV Excursión Internacional de Fitosociología). Itinera Geobotanica 2: 5–133.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 7/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Blygsennep Coincya tournefortii (Gouan) Alcaraz, T.E.Díaz, Rivas Mart. & Sánchez-Gómez. www.artsdatabanken.no/Pages/345561. Lasta ned <dag.månad.år>.