Hengjeskrinneblom
Catolobus pendulus
Hengjeskrinneblom er framand og berre funnen éin gong i Noreg, i parken på storgarden Bogstad i Oslo i 1842, truleg komen inn med grasfrø. Både det norske og det vitskaplege namnet syfter på at skulpene er nikkande eller hengjande, eit ofseleg særprega kjenneteikn for arten.
Kjenneteikn
Hengjeskrinneblom er ein grovvaksen, toårig plante opptil 1 m høg. Planten er strihåra med grove, stive og ugreina hår blanda med mykje mindre stjernehår. Grunnblada er visna under bløming og fruktsetjing. Dei nedre stengelblada er langskafta og rombiske i omriss; dei øvre er sitjande, avlange til lansettforma og stengelomfattande med bladøyre ved grunnen. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er kvite og 3–4 mm lange. Frukta er ei langskulpe på 5–8 cm × 1,5–2 mm. Særprega for arten er at skulpene er nikkande eller hengjande til éi side i klasen, på 15–25 mm lange, granne skaft. Skulpeveggane har éin kraftig midtnerve. Frøa sit i éi eller to rekkjer i kvart skulperom.
Kromosomtal
Hengjeskrinneblom er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Hengjeskrinneblom er framand og berre funnen éin gong i Noreg, i parken på herregården Bogstad vest i Oslo i 1842. Han var truleg komen inn med grasfrø, og funnet på Bogstad er truleg det einaste kjente i Vest-Europa.
Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Ukraina, Belarus og Vest-Russland austover gjennom heile Russland, Sibir og Sentral-Asia til Stillehavet i Kina, Japan og Russisk fjerne austen i aust.
Forvekslingar
Hengjeskrinneblom har ingen opplagde forvekslingsartar; dei einsidig nikkande eller hengjande skulpene gjer han ulik alle andre norske krossblomar. Dette knyter slekta opp mot den hovudsakleg nordamerikanske slekta Boechera Á.Löve & D.Löve (sjå Löve og Löve 1976).
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2005). Nomenclatural notes on Eurasian Arabis (Brassicaceae). Novon 15: 519–524.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.
Löve Á og Löve D (1976). Nomenclatural notes on arctic plants. Botaniska Notiser 128: 497–523.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Tai-Yien C, Lianli L, Guang Y, Al-Shehbaz IA og Dorofeev V (2001). Brassicaceae. I ZY Wu og PH Raven (red.), Flora of China 8. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=2&taxon_id=10120
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Hengjeskrinneblom Catolobus pendulus (L.) Al-Shehbaz. www.artsdatabanken.no/Pages/345551. Lasta ned <dag.månad.år>.