Oljedodre er ein framand, gammal kulturplante, kjent som kjelde for planteolje i Middelhavsområdet frå svært tidleg romersk tid, 600 år før vår tidsrekning. Han er ikkje sett i Noreg sidan 1980 og er kanskje utgått.

Kjenneteikn

Oljedodre er ein stivt opprett, eitt- eller toårig plante opptil 60 cm. Stengelen er snau eller noko håra nedst, oftast berre med tiltrykte stjernehår. Blada har stengelomfattande bladgrunn og er heile eller litt tanna, og dei er stundom noko håra. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er bleikgule og 4–5 mm lange. I fruktstanden er dei noko grove skulpeskafta nokså opprette og oftast kortare enn 2 cm, noko som gjer fruktstanden nokså tett. Skulpa er ei pæreforma kortskulpe på om lag 6–9 × 4–5 mm, noko flat som mogen, med hard vegg der midtnerven går om lag heilt opp på skulpeveggen. Griffelen utgjer om lag 1/4 av heile skulpa. Frøa er 1,5–2 mm, noko større enn hos den andre underarten.

Kromosomtal

Kromosomtal er eit problem i slekta Camelina. Grunntala er frå x = 6 til 13, oftast 10. Oljedodre er oftast tetraploid med grunntal oftast x = 10 og kromosomtal 2n = 40, men det er òg rapportert kromosomtal på 2n = 12, 26–28 og 36. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Sjølv om oljedodre er kjent med funn av makrofossilar i Danmark frå førromersk jernalder (om lag 500–200 år før vår tidsrekning, sjå Hartvig 2015), er det lite truleg at planten har vore så lenge i Noreg. Her blei han først funnen på Sjursøya i Oslo i 1857, i eit område med mykje deponering av ballastjord. Planten kom oftast inn med ballastjord og med korn ved møller og kornsiloar. Han vaks oftast på skrotemark, stundom i åker og på vegkantar. Han vart funnen spreidde stader på Austlandet, Sørlandet og Vestlandet nord til Hordaland, og dessutan i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag). Det siste dokumenterte funnet er frå 1980 og frå ein nokså rar plass, frå Tinn (Telemark): “Rjukan: Vaset, på sandskråning ovenfor veien, tillsådd med gressfrø av veivesenet”. Sidan er han ikkje sett i Noreg, og vi reknar han som utgått.

Ein større del av materialet for arten Camelina sativa er ikkje revidert, i samlingar og opplysningar, og kartet er difor ikkje særleg nyttig.

Forvekslingar

Oljedodre skil seg frå den andre underarten, sanddodre subsp. microcarpa, i at planten har større skulpe (7–9 mm mot 5–7 mm), større frø (1–2 mm mot om lag 1 mm), og i at stengelen er lite håra eller snau (mot tetthåra med nokså lange hår).

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Beilstein MA (2010). Camelina Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 451–453.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Meikle BD og Akeroyd JR (1993). Camelina Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 380–381.

Mirek Z (1981). Genus Camelina in Poland: Taxonomy, distribution and habitats. Fragmenta Floristica et Geobotanica 27: 445–507.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Smejkal M (1971). Revision der tschechoslowakischen Arten der Gattung Camelina Crantz (Cruciferae). Preslia 43: 318–337.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Oljedodre Camelina sativa subsp. sativa. www.artsdatabanken.no/Pages/345539. Lasta ned <dag.månad.år>.