Stordodre er det taksonet i oljedodreslekta Camelina som er funnen oftast i seinare tiår.

Stordodre er framand, nærskyld med lindodre, men truleg skilt frå denne på rase-nivå. Dette synest vere det taksonet frå oljedodre-gruppa som er funnen oftast i seinare tiår.

Kjenneteikn

Stordodre er ein stivt opprett, eittårig plante på opptil 100 cm. Stengelen og blada er om lag snaue. Blada har stengelomfattande grunn og er heile eller berre grunt tanna. Kronblada er bleikgule og 4,5–6 mm lange. I fruktstanden er dei granne skulpeskafta sprikjande og oftast lengre enn 2 cm, noko som gjer fruktstanden svært grissen, òg av di det oftast er få skulper. Skulpa er ei pæreforma kortskulpe som oftast er 10–12 mm lang, lengre enn brei, og ikkje nedtrykt på toppen, og med hard vegg der midtnerven er kraftig og går opp mot toppen på skulpeveggen. Storleiken på frøa er ikkje kjent.

Kromosomtal

Vi finn ingen rapportar om kromosomtal for akkurat denne rasen; han er truleg inkludert mellom dei andre tetraploide kromosomtala (2n = 40) for lindodre.

Økologi og utbreiing

Stordodre er framand og truleg mykje komen inn med grasfrø og såkorn i seinare tid. Det første funnet er frå Alta (Finnmark) i 1852 (samstundes med funna av lindodre i Alta), men storparten av funna er frå dei seinaste tiåra. Planten er ikkje bufast, men i seinare tiår er han funnen i Hvaler (Østfold), Oslo, Stange og Hamar (Hedmark), Horten og Larvik (Vestfold), Vinje (Telemark), Kristiansand (Vest-Agder, eit tidleg funn på ballastjord), Vindafjord (Rogaland), Jølster (Sogn og Fjordane) og Røros og Midtre Gauldal (Sør-Trøndelag). Han kjem truleg frå Aust-Europa (inkludert Russland), men den opphavelege utbreiinga er uklår.

Karta for dei to underartane av ugrasdodre Camelina alyssum byggjer berre på ein revisjon av ein særs avgrensa del av samlingsmaterialet. Det gjev ikkje noko truverdig bilete av utbreiinga.

Kommentarar

Det vitskaplege namnet på denne underarten er litt usikkert. Hos Elven mfl. (2022) vart han kalla subsp. macrocarpa (Wierzb. ex Rchb.) Hiitonen. Vi følgde her ein praksis frå Hiitonen i 1947 som synest ha omkombinert Camelina macrocarpa Wierzb. ex Rchb. som ein underart av Camelina alyssum. Vi har ikkje funne ein originalpublikasjon frå Hiitonen, og denne kombinasjonen er ikkje nemnt i nokon av våre standard kjelder. Plants of the World (POWO) synonymiserer namna ‘macrocarpa’ og ‘integerrima’, med klår prioritet for det siste namnet som vart publisert som underart i 1881, lenge før Hiitonen sitt namn. Smejkal (1971) namna han som Camelina alyssum subsp. integerrima (Čelak.) Smejkal, og dette namnet er brukt fleire stader. Namna synest gjelde same planten, ein plante nærskyld med lindodre, men med om lag heile blad.

Forvekslingar

Stordodre skil seg frå lindodre subsp. alyssum i storleiken på skulpa (10–12 mm lang mot 8–10 mm lang), i om toppen av skulpa er nedtrykt (lindodre) eller ikkje (stordodre), og om blada er mykje tanna eller flika (lindodre) eller om lag heile (stordodre).

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Beilstein MA (2010). Camelina Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 451–453.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Meikle BD og Akeroyd JR (1993). Camelina Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 380–381.

Mirek Z (1981). Genus Camelina in Poland: Taxonomy, distribution and habitats. Fragmenta Floristica et Geobotanica 27: 445–507.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Smejkal M (1971). Revision der tschechoslowakischen Arten der Gattung Camelina Crantz (Cruciferae). Preslia 43: 318–337.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Stordodre Camelina alyssum subsp. integerrima (Čelak.) Smejkal. www.artsdatabanken.no/Pages/345536. Lasta ned <dag.månad.år>.