Purpurkarse
Braya purpurascens
Purpurkarse er heimleg og ein av dei mest sjeldsynte plantane vi har i Fastlands-Noreg. Fram til 2023 var han berre kjend frå eit fjellplatå på Nordkapp i Finnmark, men no er han òg funnen fleire stader i Kåfjord i Troms. På Svalbard er han nokså utbreidd. Han høyrer til det mest arktiske elementet i norsk flora.
Kjenneteikn
Purpurkarse er ei småvaksen, fleirårig urt, opptil 10 cm, men oftast mindre. Planten har ei tjukk, mørk rot. Alle blada sit samla ved grunnen (i rosett). Dei er snaue, heile og oftast nokså tjukke. Stengelen er småhåra og bladlaus. Bløminga startar nede i rosetten, og stengelen strekkjer seg under og etter bløminga. Blomestanden er ein kort klase som ikkje strekkjer seg i fruktstadiet. Kronblada er kvite til purpurraude og 3–5 mm lange, tydeleg lengre enn begerblada. Frukta er ei tjukk, pølseforma skulpe, 4–10 mm lang og 1–3 mm brei, 2,5 til 3,7 gonger så lang som brei (det vil seie i grenseområdet mellom kortskulpe og langskulpe). Ho er grissent kvithåra. Griffelen er 0,7–1 mm lang. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom.
Kromosomtal
Purpurkarse er oktoploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 56. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Purpurkarse er heimleg og veks på open mark med mykje kalk i grunnen. I Fastlands-Noreg var han fram til 2023 berre kjent frå oppfrysingsflekkar og grus i lågalpint belte på eit fjellplatå (Duken) på dolomitt, på Magerøya i Nordkapp (Finnmark); sjå Høiland (1988) og Gjærevoll (1990). Frå 2023 er han òg funnen fleire stader i Čiččenvárri-området i Kåfjord (Troms). På Svalbard veks han i mellomarktisk og nordarktisk sone på open, fuktig mark, oftast dekt av ei algeskorpe, gjerne på frostmark, men òg på grus på elvevifter. Han er nokså vanleg i områda med baserik grunn på Spitsbergen, truleg òg på Edgeøya, og det er nokre få funn i dei klimatisk mest gunstige fjordbotnane på Nordaustlandet (sjå Svalbardflora, Elven mfl. 2020).
Den globale utbreiinga er arktisk sirkumpolar frå Noreg og Svalbard austover gjennom arktisk Russland og Sibir og arktisk Nord-Amerika til Nord-Grønland.
Kommentarar
Purpurkarse er nærast i slekt med ein nokså vidt utbreidd art i Nordaust-Asia og Nord-Amerika: Braya glabella Richardson. Cody (1994) inkluderte han som ein underart av Braya glabella, og Warwick mfl. (2004) fann støtte for dette i molekylære markørar. Harris (2010) handsamar han som éin av tre underartar av denne arten. Elven mfl. (2011, 2022) finn planten ulik Braya glabella (sjølv om han er nærskyld med den arten) og handsamar han som ein særskild art.
Forvekslingar
Purpurkarse liknar noko på den andre norske arten i slekta, rosekarse Braya linearis, men dei skil seg mellom anna i vekseform og frukt. Purpurkarse har alle blada grunnstilte (i ein rosett) og ei tjukk, pølseforma skulpe på grensa mellom kortskulpe og langskulpe. Rosekarse har mange grunnstilte blad, men òg nokre få stengelblad, og ei nokså smal, linjeforma langskulpe.
Den einaste andre mogelege forvekslinga er med rublom-artar i Draba, særleg når plantane berre er i bløming. Draba-artane har fruktknute og frukt som er elliptisk til eggforma og alltid ei kortskulpe. Purpurkarse har fruktknute og frukt som er pølseforma, jambrei mellom grunnen og toppen av skulpa. Purpurkarse har oftast eit purpurraudt skjær i kronblad, stengel og blad, men aldri gult, medan Draba-artane aldri har noko raudskjær i nokon del av planten, men mange av dem er gulbloma.
Kjelder
Ball PW (1993). Braya Sternb. & Hoppe. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea.1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 323.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Cody WJ (1994). Nomenclatural changes and new taxa for the Yukon flora. Canadian Field-Naturalist 108: 93–95.
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Gjærevoll O (1990). Braya purpurascens (R. Br.) Bge. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 37–38 + pl. 6.
Harris JG (2010). Braya Sternberg & Hoppe. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 546–552.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Warwick SI, Shehbaz IA, Sauder C, Harris JG og Koch M (2004). Phylogeny of Braya and Neotorularia (Brassicaceae) based on nuclear ribosomal internal transcribed spacer and chloroplast trnL intron sequences. Canadian Journal of Botany 82: 376–392.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Purpurkarse Braya purpurascens (R.Br.) Bunge ex Ledeb. www.artsdatabanken.no/Pages/345527. Lasta ned <dag.månad.år>.