Kålrot er ein viktig kulturplante ikkje berre i Noreg, men i alle tempererte og til dels boreale område. Han har vore mykje brukt både som grønsak og som dyrefôr. Han er nok den mest hardføre av alle kulturplantar i kålslekta og er mykje brukt òg i fjelldalane og nordpå.

Professoren går (ikkje) av vegen for å saumfare ein kålrotåker på Tautra i Nord-Trøndelag.

Kjenneteikn

Kålrot er toårig. Første året set planten ein stor rosett med kålgrøne blad og ei tjukk, knollforma rot. Andre året set han, om han ikkje allereie er hausta, ein høg blomestengel. Stengelen har kålgrøne, snaue blad. I blomestanden sit knoppar og opne blomar på om lag same høgda. Blomane er store med 10–15 mm lange kronblad.

Kålrot er ein toårig plante som første året set ein stor rosett med kålgrøne blad og ei tjukk, knollforma rot.

Kromosomtal

Kålrot er tetraploid med eit sekundært grunntal x = 19 (hybridogent frå primære grunntal på x = 9 og x = 10) og kromosomtal 2n = 38. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kålrot er funnen i åkerkantar, på vegkantar og på anna skrotemark. Han vert sjeldan registrert, og kartet er difor tynt. Dei funna som er gjorde, kjem truleg frå søling frå transportar av frø ut til åkeren.

Kommentarar

Kjelder seier at kålrot har vore dyrka i Noreg sidan 1600-talet (i Danmark sidan 1800 ifølgje Hartvig 2015).

Forvekslingar

Sjå òg arten. Kålrot skil seg frå den andre rasen, raps subsp. oleifera, i at han er toårig, med ei tjukk, knollforma rot og ein stor rosett første året, medan raps er eittårig med grann, tappforma rot og er utan rosett.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Wikipedia/Kålrot https://no.wikipedia.org/wiki/Kålrot Lasta ned 7/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kålrot Brassica napus subsp. rapifera Metzg. www.artsdatabanken.no/Pages/345519. Lasta ned <dag.månad.år>.