Hageblåpute
Aubrieta deltoidea
Hageblåpute er ein framand art som er innført som prydplante. Han er så vidt funnen forvilla nokre svært få stader i Noreg, men er neppe bufast.
Kjenneteikn
Hageblåpute er ei lågvaksen, fleirårig urt opptil 20 cm. Planten er nokså tett håra med stjernehår blanda med nokre gaffelhår og stive, ugreina hår. Han veks i låge puter eller matter eller han heng ned over berg med lengre stenglar og med mange korte bladskott. Blada er spatelforma, omvendt eggforma eller rombeforma, med nokre få par tenner. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er 6–10 mm lange, og dei to indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 12–28 mm og raudpurpur, blåfiolette eller meir sjeldan kvite. Frukta er ei kort langskulpe, stundom ei kortskulpe, 6–16 mm lang og 2–5 gonger så lang som brei. Ho sit på oppstigande skaft og er nokså opprett. Skulpeveggane har éin midtnerve, og skulpa har ein lang, grann griffel på 4–8 mm og eit hovudforma arr. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom.
Kromosomtal
Hageblåpute er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Hageblåpute er framand og innført som prydplante. Planten er mykje dyrka, set skulper som synast ha gode frø, men er berre funnen spreidd ut i naturen ved at plantedelar lausnar der han heng ut over berg, eller han blir kasta ut med hageavfall. Han blei først funnen forvilla i 2012 i Asker (Akershus) og seinare i Nesodden, Bærum og Asker (Akershus), i Drammen, Lier og Hole (Buskerud). Han er (enno) ikkje bufast.
Den heimlege utbreiinga er i midtre og austlege Middelhavsområdet: på Sicilia, i Hellas og på Kreta, og i Tyrkia.
Kommentarar
Britiske og amerikanske kjelder (Rich 1991, Al-Shehbaz 2010, Stace 2019) reknar det forvilla materialet til arten Aubrieta deltoidea, medan Hartvig (2015) skriv at det danske forvilla materialet høyrer til Aubrieta ×cultorum Bergmans, som Plants of the World Online (POWO) seier at er ein hagehybrid mellom Aubrieta deltoidea og Aubrieta intermedia Heldr. & Orph. ex Boiss. frå Albania, tidlegare Jugoslavia, Bulgaria og Hellas. Akeroyd og Ball (1993) reknar Aubrieta intermedia som ein rase innanfor Aubrieta deltoidea. Det er uvisst kva for art eller hybrid det norske materialet tilhøyrer.
Forvekslingar
Hageblåpute har ingen opplagde forvekslingsartar i Noreg. Blåpute er ulik alle andre krossblomar funne i Noreg, med puteforma vekst, oftast purpur eller blåfiolette kronblad, og den nokså korte og tjukke skulpa med påfallande lang griffel.
Kjelder
Akeroyd JR og Ball PW (1993). Aubrieta Adanson. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 356–358.
Al-Shehbaz IA (2010). Aubrieta Adanson. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 268–269.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 13/4/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results? Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Hageblåpute Aubrieta deltoidea (L.) DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345507. Lasta ned <dag.månad.år>.