Aurskrinneblom er heimleg og veks i vestlege fjellstrøk i Sør-Noreg. Han veks særleg på opne stader med liten konkurranse.

Aurskrinneblom er ein heimleg fjellplante. Her frå Leirdalen i Lom i Oppland.

Kjenneteikn

Aurskrinneblom er ei fleirårig urt med lange og svært granne underjordiske utløparar. Ho er snau eller oftare med ugreina hår og gaffelhår nedst. Stenglane blir opptil 25 cm, er liggjande eller oppstigande og ofte meir fiolette enn dei er grøne. Rosettblada er langskafta, avlange og grovtanna eller buktflika med liten endeflik. Stengelblada er om lag heile, smale og butte. Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg særleg i fruktstadiet, og dei nedste blomane i klasen har ofte støtteblad. Kronblada er kvite eller bleikt rosa eller lilla og 3–7 mm lange. Frukta er ei langskulpe, 1,5–4,5 cm lang, nokså tjukk og på eit sprikjande skaft som er mykje grannare enn skulpa. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Aurskrinneblom er ei fleirårig urt med lange og svært granne underjordsrenningar.

Rosettblada er langskafta, avlange og grovtanna eller buktflika med liten endeflik. 

Frukta er ei nokså tjukk langskulpe som sit på eit sprikjande skaft som er mykje grannare enn skulpa. 

Kromosomtal

Aurskrinneblom er truleg berre diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Rapporterte høgare tal kan gjelde nærskylde artar/rasar. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Aurskrinneblom er heimleg og veks på berg, grus og sand i fjellet og langsmed vassdrag nedover mot kysten. Han er ikkje knytt til baserik berggrunn og er like vanleg i sure fjellstrøk som i kalkfjell og veks ofte på ultramafisk berg, det vil seie vulkansk berg med mykje magnesium. Arten er utbreidd i mellom- og nordboreal sone og opp til grensa til høgalpint belte. Utbreiinga ligg i vestlege fjellstrøk i Sør-Noreg og strekkjer seg frå Setesdal (Valle, Aust-Agder) og Ryfylke (Forsand, Rogaland) nord til Trollheimen (Surnadal, Møre og Romsdal, og Oppdal, Sør-Trøndelag) og aust til Vinje (Telemark), Ål (Buskerud) og Nord-Fron (Oppland). Han går høgt opp i fjellet, til 1830 moh. i Lom (Oppland), og ned til sjønivå på Vestlandet.

Den nordiske utbreiinga er oppdelt. I tillegg til det store, norske delarealet har arten eit mindre, kompakt og sterkt isolert delareal ved Austersjøen på ‘Höga kusten’ i Ångermanland, og eit lite og likeeins isolert delareal i russisk Karelen. Denne oppdelinga må ha ein historisk bakgrunn, mest truleg i ein tilbakegang frå ei større og meir samanhengjande utbreiing i tidleg postglasial tid. Gjærevoll (1990) diskuterer den merkelege utbreiinga i Skandinavia med mykje informasjon om økologi.

Det er uvisst kor stor den globale utbreiinga er av di ho avheng av kor vidt arten blir avgrensa. I trong meining er arten europeisk: i fjellstrøk i Mellom-Europa, på Dei britiske øyane, Færøyane, Island og i Skandinavia og Karelen. I vid meining er han om lag sirkumpolar. Sjå elles kommentarar.

Aurskrinneblom veks i vestlege fjellstrøk og særleg på opne stader med liten konkurranse.

Kommentarar

Det er mykje usemje kring korleis denne arten skal bli avgrensa. Han høyrer til ei gruppe med plantar som er sirkumpolart utbreidde, og der O’Kane og Al-Shehbaz (1997) reknar dei alle som underartar av Arabidopsis lyrata (L.) O’Kane & Al-Shehbaz, ein art beskriven frå nordlege Canada. Elven mfl. (2011) reknar heller Arabidopsis petraea som ein art skilt frå Arabidopsis lyrata, men med fleire underartar. Det europeiske materialet høyrer då til subsp. petraea.

Forvekslingar

Aurskrinneblom liknar ikkje så mykje på dei andre Arabidopsis-artane i Noreg. Den mest nærliggjande forvekslinga er med ugrasskrinneblom Arabidopsis halleri, men for det første er denne arten knapt funnen i Noreg, og for det andre er det stor skilnad i blada som er avrunda eller med avrunda flikar hos ugrasskrinneblom, men ikkje hos aurskrinneblom.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Arabidopsis (de Candolle) Heynhold. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 447–450.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/

Gjærevoll O (1990). Cardaminopsis petraea (L.) Hiit. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 39–40 + pl. 7.

Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Cardaminopsis (C. A. Meyer) Hayek. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 351–352.

O’Kane SL og Al-Shehbaz IA (1997). A synopsis of Arabidopsis (Brassicaceae). Novon 7: 323–347.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Aurskrinneblom Arabidopsis petraea (L.) V.I.Dorof. www.artsdatabanken.no/Pages/345496. Lasta ned <dag.månad.år>.