Grådodre
Alyssum alyssoides
Grådodre er framand og truleg komen inn med grasfrø på 1800-talet. Han er bufast og godt integrert og naturalisert på tørrbakkar og grunnlende i søraust, men er elles i tilbakegang.
Kjenneteikn
Grådodre er eitt- eller sjeldan toårig, tett gråhåra med store, tiltrykte stjernehår med eit samanvakse, skjoldforma parti på midten (skjoldhår). Planten har óg nokre gaffelhår og ugreina hår. Planten er ofte rikt greina, med opptil 20 cm høge stenglar. Kvar stengel har berre éin blomestand. Stengelblada er smale, spatelforma eller linjeforma, og heile. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er 2–2,5 mm lange, tiltrykte, sit på lenge og er stjernehåra liksom blomeskafta. Kronblada er 3–4 mm lange, utranda og gule. Desse kan òg vere stjernehåra på utsida. Dei bleiknar seint i bløminga. Pollentrådane er utan vengjer eller vedheng. Frukta er ei flat, om lag rund kortskulpe som er 3–4 mm brei og som er tverr eller litt utranda i toppen. Skulpa har tett med tiltrykte stjernehår (som fell av under mogninga), med skiljeveggen på langs, og veggane går ut som ein tydeleg kant på sidene av skulpa. Griffelen er kort, men tydeleg og om lag 0,5 mm lang. Det er to frø i kvart skulperom, og dei er avflata med ein svært smal, mindre enn 0,1 mm brei, vengjekant.
Kromosomtal
Grådodre er tetraploid (sjeldan diploid) med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32 (16). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Grådodre er framand, truleg frå først av komen inn med kløver- og grasfrø, og blei truleg først funnen på “Slotsbakken, indført ved græsfrø, såvidt vides, første gang fundet i Norge” i Oslo i 1857. Det rapporterte funnet frå Fredrikstad (Østfold) frå 1856 er truleg feil. Arten er bufast og naturalisert på tørt grunnlende og annan tørrbakke, mest på næringsfattig, men baserik grunn. Grådodre er knytt til nemoral til sørboreal sone. Arten er nokså sjeldsynt i låglandet på Austlandet frå Fredrikstad (Østfold) og Risør (Aust-Agder) nord til Ringsaker (Hedmark) og Lillehammer og Gran (Oppland). Det er spreidde funn i Risør og Grimstad (Aust-Agder), Kristiansand (Vest-Agder), Hå og Klepp (Rogaland), Modalen (Hordaland) og Malvik (Sør-Trøndelag). Arten går mykje attende. Frå og med 2000 er han berre funnen med tryggleik på Austlandet, og då særleg kring Oslo og i Ringsaker (Hedmark). Innførselshistoria og utbreiinga blir diskutert hos Fægri (1996).
Grådodre er heimleg i Mellom- og Sør-Europa og Vest-Asia, truleg òg i Marokko i Nordvest-Afrika. Han er kulturspreidd og noko utbreidd i Nord-Amerika.
Kommentarar
Grådodre høyrer til seksjonen Psilonema (C.A.Mey.) Hook. f., der pollentrådane er utan vengjer og vedheng. Dette skil han frå dei to andre og svært sjeldsynte artane i Noreg, som begge høyrer til seksjon Alyssum.
Forvekslingar
Grådodre kan likne litt på steindodre Aurinia saxatilis, men steindodre har sprikjande begerblad, gullgule kronblad og er ein halvbusk, medan grådodre har opprette begerblad, kremkvite til bleikgule kronblad og er ein kortlevd urt. Grådodre skil seg frå dei to andre, sjeldsynte Alyssum-artane, i at han ikkje har vengjer på pollentrådane, slik som hamnedodre Alyssum desertorum og mølledodre Alyssum hirsutum har.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Alyssum Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 247–251.
Ball PW og Dudley TR (1993). Alyssum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 359–369.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Fægri K (1996). Alyssum alyssoides. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 23 + pl. 6.
Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Grådodre Alyssum alyssoides (L.) L. www.artsdatabanken.no/Pages/345491. Lasta ned <dag.månad.år>.