Laukurt er ein nokså vanleg plante i Noreg og har ei blanding av heimlege og framande førekomstar.

Laukurt har både heimleg og framand opphav. Som heimleg er arten vanleg i rik lauvskog i låglandet i Sør- og Midt-Noreg; som framand finn ein han i byar, tettstader og i kanten av kulturmark. Namnet syfter på at han luktar og smakar av lauk, og han har av den grunn vore brukt som matplante.

Kjenneteikn

Laukurt er ei toårig (sjeldan fleirårig) urt med ugreina hår. Stengelen kan bli opptil 1,2 m høg og er oftast ugreina med berre éin blomestand, men kan òg vere greina med fleire blomestandar. Planten set ein bladrosett første året. Grunnblada (visnar ofte tidleg) er langskafta med tynn, hjarteforma eller nyreforma plate, og grovt kvasstanna. Stengelblada har kortare skaft, men er elles like grunnblada. Blada er oftast snaue, men kan stundom vere grissent håra, særleg nær bladskaftet som kan vere nokså tett håra. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte, men fell av tidleg. Kronblada er kvite og 4–6 mm lange, om lag dobbelt så lange som begerblada. Frukta er ei smal, knudrete langskulpe, 3–6 cm lang og rak, med skulpeveggar med éin kraftig midtnerve og eit par svake sidenervar, noko firkanta i tverrsnitt og utan nebb. Ho sit på korte (4–9 mm) skaft som er noko sprikjande. Det er éi rekkje frø i kvart skulperom.

Langskafta grunnblad med nyreforma (som her) eller hjarteforma og grovt kvasstanna bladplate.

Stengelblada har kortare skaft, men er elles like grunnblada. Kvite blomar i klase.

Blomar i klase som strekkjer seg i frukt. Smal knudrete langskulpe som sit på korte, noko sprikjande skaft.

Stengel med ugreina hår. Oftast snaue blad, men kan vere noko håra, særleg nær bladskaftet.

Kromosomtal

Laukurt er hovudsakleg heksaploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 42. Det er nokre teljingar av 2n = 36 (med grunntal x = 6). Teljingar (av 2n = 42) er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Laukurt er heimleg og nokså vanleg i edellauvskog og liknande skogtypar (òg i barskog) og i berg og rasmark, oftast i skugge, i låglandet. Planten er næringskrevjande, men ikkje direkte basekrevjande. Han er òg komen inn som framand på ulike vis i parkar, langsmed vegar og på kulturmark og skrotemark, og her er han no vanleg, særleg i og kring byane langsmed kysten på Aust- og Sørlandet til Rogaland. Arten er utbreidd frå nemoral til sørboreal sone. Den meir samanhengjande utbreiinga på Austlandet strekkjer seg nord til Lillehammer (Oppland) og Tinn (Telemark) og i låglandet og kyststrøk elles nord til Steinkjer og Flatanger (Nord-Trøndelag). Lengre nord er det spreidde førekomstar i rik skog i Brønnøy, Meløy og Narvik (Nordland) og i Dyrøy (Troms), og ugrasførekomst i Tromsø (Troms). Arten er funnen opp til 560 moh. i Stranda (Møre og Romsdal). Utbreiing og økologi blir omtala hos Fægri (1960).

Det globale utbreiinga er stor og omfattar om lag heile Europa bortsett frå Island og dei nordlegaste delane av Norden og Russland, i Nordvest-Afrika og Vest-Asia aust til Kasakhstan og Himalaya (og truleg Myanmar). I Nord-Amerika blei arten innført som lækje- og matplante på 1800-talet og er blitt ein nokså aggressiv framand plante i både austlege og vestlege delar av USA.

Forvekslingar

Laukurt har ingen opplagde forvekslingsartar. Planten liknar ikkje mykje på nokon annan norsk krossblome og heller ikkje på andre plantar. Dessutan er lauklukta og -smaken spesiell.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Alliaria Heister ex Fabricius. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 744–745.

Ball PW (1993). Alliaria Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 322.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants. Oslo University Press, Oslo. 134 s + LIV pl.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Laukurt Alliaria petiolata (M.Bieb.) Cavara & Grande. www.artsdatabanken.no/Pages/345490. Lasta ned <dag.månad.år>.