Feittbladslekta
Liparis
Feittbladslekta er ei av dei store slektene i orkidéfamilien, men berre med éin art i Europa og Noreg, feittblad L. loeselii, og i Noreg er han attpåtil utdøydd.
Kjenneteikn
Slekta omfattar både jordbuande (terrestriske) og epifyttiske artar. Eit karakteristisk trekk er at stengelen er svollen opp ved grunnen og formar sokalla pseudoknollar. Blomane sit i klase og er gule, gulgrøne eller noko raudfarga, med oftast sprikjande ytre blomeblad og smale og sprikjande indre blomeblad. Leppa er heil eller oftare to- eller treflika og kan vende oppover, ut til sida eller nedover. Pollenet er samla i fire pollinium som sit i to par.
Økologi og utbreiing
Artane er så ulike i habitat at det ikkje er mogeleg å seie noko felles for dei. Dei er utbreidde over storparten av jorda, men manglar i polare og tørre strøk. Slekta har 440 aksepterte artar i dag (“Plants of the World Online”), utbreidde på alle kontinent unntatt i Antarktis.
Forvekslingar
Det er ingen andre nordiske orkidéar som liknar særleg mykje på feittblad (eller feittbladslekta).
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 12/11/2021.
Siter nettsida som:
Elven R. Feittbladslekta Liparis Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/325535. Lasta ned <dag.månad.år>.