Frøstjerneslekta er nokså talrik på verdsbasis, men i Noreg er det berre registrert ni artar, og om lag halvparten av desse er heimlege. Dei fleste artane utmerkar seg med at det er pollenberarane som set farge på blomen; blomedekket er lite synleg og fell tidleg av hos storparten av artane.

Gulfrøstjerne, ein av dei heimlege artane i frøstjerneslekta.

Frøstjerneslekta Thalictrum omfattar på verdsbasis kring 150 (eller 120–200) artar, og dei er hovudsakleg heimehøyrande i boreale, tempererte og subtropiske område, men med nokre artar i høgtliggjande tropiske område. Slekta er krevjande taksonomisk, og artsgrensene er dårleg utgreidde; det er difor ikkje lett å talfeste kor mange artar som finst totalt.

Artane er fleirårige, snaue eller om lag snaue urter. Blada er éin eller fleire gonger trekopla eller finna. Blomane er firetalige, små, og vindpollinerte eller insektpollinerte, og dei sit i klase eller topp. Begerblada er gule til gulgrøne eller fiolette, oftast lite synlege og fell tidleg av (men sjå vengjefrøstjerne T. delavayi); kronblad manglar. Pollenberarane er talrike, og er dei som set farge på blomen hos storparten av artane. Dei kan vere gule, kvite eller bleikt fiolette, og dei sit i ein tett dusk i kvar blome. Smånøttene er små, grøne og med langsgåande ribber, og dei vert spreidde med vind, dyr og vatn.

Ni artar av slekta er registrerte i Noreg. Fem av dei er heimlege (éin har ein heimleg og ein framand underart); dei andre er framande artar som er innførte som prydplantar og som har forvilla seg i større eller mindre grad.

Hos frøstjerneslekta er det oftast dei farga pollenberarane som fungerer som skiltapparat, som her hos akeleiefrøstjerne. Alle artane har samansette blad.

Kjelder

Denzhi F og Guanghua Z (2001). Thalictrum Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 282–302.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Park MM og Festerling Jr. D (1997). Thalictrum Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 258–271.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Frøstjerneslekta Thalictrum L. www.artsdatabanken.no/Pages/315288. Lasta ned <dag/månad/år>.