Pengeurtslekta er ei lita slekt med opptil ni artar, sju av desse berre utbreidde i tørre område i Vest-Asia, i kjeldeområdet for storparten av våre jordbruksplantar. I Noreg er éin art – pengeurt – godt kjent og vidt utbreidd. Ein annan art – hornpengeurt – er funnen berre éin stad på 1920-talet. Begge er framande.

Plantane er (truleg) eittårige og karakteriserte av at dei luktar av kvitlauk når blada blir knuste. Dei er snaue eller med ugreina hår. Blada er enkle og heile eller bukttanna. Dei nedre blada visnar oftast før bløminga. Blada har stengelomfattande grunn. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg sterkt under fruktmogninga. Begerblada er tiltrykte til oppstigande og utan sekkforma grunn. Kronblada er kvite. Frukta er ei meir eller mindre samantrykt kortskulpe, ofte om lag sirkelrund i omriss, med skulpeveggen på tvers og ein brei vengjekant kring heile frukta eller berre øvst. Det er 2–8 frø i kvart skulperom, og dei sit oftast i to rekkjer.

Det har skjedd mykje med den gamle Linné-slekta Thlaspi sidan Linné (1753) beskreiv ni artar. I vid forstand inneheld slekta om lag 75 artar (Mummenhoff og Koch 1994). Meyer (1973, 1979) sin revisjon av slekta, basert på analysar av frøskal, munna ut i ei oppsplitting i fleire små slekter. Denne oppsplittinga vart bekrefta av ei rekkje molekylære undersøkingar (sjå Mummenhoff-referansane under). Den opphavelege klassifiseringa var bygd mykje på fruktkarakterar, og Mummenhoff mfl. (1997) syner at dette ikkje er pålitelege karakterar i denne slekta.

Av dei artane som Linné inkluderte i slekta Thlaspi, er det no berre éin att: pengeurt Thlaspi arvense. Dei andre åtte artane har landa i 5–6 andre slekter: i Capsella (gjetartaske), Noccaea (vårpengeurt og ein ikkje-norsk art), Lepidium (markkarse og ein ikkje-norsk art), Aethionema (ein ikkje-norsk art), Mummenhoffia (ein ikkje-norsk art), og Microthlaspi (småpengeurt). Ifølgje Al-Shehbaz (2014) har Thlaspi vore ei slekt der ein ‘dumpa’ alle artar med skiljeveggen på tvers i kortskulpa, som har to eller fleire frø per skulperom, og som er snaue eller berre har ugreina hår.

Thlaspi-artane har oftast ein kvitlauk-ange og -smak når dei blir knuste eller beita. Dei set vond smak på mjølk om kyrne beitar på dei. Dette er ein kjemisk skilnad mellom pengeurt-slekta Thlaspi på den eine sida og vårpengeurtslekta Noccaea og småpengeurtslekta Microthlaspi på den andre sida. Artane i dei sistnemnde slektene har inga slik lukt eller smak.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Thlaspi Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 745–746.

Al-Shehbaz (2014). A synopsis of the genus Noccaea (Coluteocarpeae, Brassicaceae). Harvard Papers in Botany 19: 25–51.Clapham AR og Akeroyd JR (1993). Thlaspi L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 384–388.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Esmailbegi S, Al-Shehbaz AI, Pouch M, Mandáková T, Mummenhoff K, Rahininejad MR, Mirtadzadini M og Lysak MA (2018). Phylogeny and systematics of the tribe Thlaspideae (Brassicaceae) and the recognition of two new genera. Taxon 67: 324–340.

Linné C (1753). Species Plantarum 1–2. Holmiae.

Meyer FK (1973). Conspectus der «Thlaspi»-Arten Europas, Afrikas und Vorderasiens. Feddes Repertorium 84: 449–469.

Meyer FK (1979). Kritische Revision der «Thlaspi»-Arten Europas, Afrikas und Vorderasiens: I. Geschichte, Morphologie und Chorologie. Feddes Repertorium 90: 129–154.

Mummenhoff K, Franzke A og Koch M (1996). Molecular phylogenetics of Thlaspi s.l. (Brassicaceae) based on chloroplast DNA restriction site variation and sequences of the internal transcribed spacers of nuclear ribosomal DNA. Canadian Journal of Botany 75: 469–482.

Mummenhoff K, Franzke A og Koch M (1997). Molecular data reveal convergence in fruit characters used in the classification of Thlaspi s.l. (Brassicaceae). Botanical Journal of the Linnean Society 125: 183–199.

Mummenhoff K og Koch M (1994). Chloroplast DNA restriction site variation and phylogenetic relationships in the genus Thlaspi sensu lato (Brassicaceae). Systematic Botany 19: 73–88.

Mummenhoff K og Zunk K (1991). Should Thlaspi (Brassicaceae) be split? Preliminary evidence from isoelectric focusing analysis of Rubisco. Taxon 40: 427–434.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Zunk K, Mummenhoff K, Koch M og Hurka H (1996). Phylogenetic relationships of Thlaspi s.l. (subtribe Thlaspidinae, Lepidieae) and allied genera based on chloroplast DNA restriction-site variation. Theoretical and Applied Genetics 92: 375–381.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Pengeurtslekta Thlaspi L. www.artsdatabanken.no/Pages/313817. Lasta ned <dag.månad.år>.