Småpengeurtslekta omfattar truleg berre fire artar utbreidde i Europa, Nord-Afrika og Vest- og Mellom-Asia. Éin art er funnen som innført éin gong i Noreg: småpengeurt.

Microthlaspi-artane er eittårige, blågrøne, heilt eller om lag snaue urter. Blada sit både ved grunnen og på stengelen. Grunnblada er enkle og heile eller litt tanna, og dei visnar tidleg. Stengelblada er heile med hjarteforma eller stengelomfattande grunn. Blomestanden strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er kvite. Frukta er ei flattrykt kortskulpe med skiljeveggen på tvers og med ein vengjekant og ein svært kort griffel som ikkje stikk framom innhakket i vengjekanten.

Det har skjedd mykje med den gamle Linné-slekta Thlaspi sidan Linné (1753) beskreiv ni artar. I vid forstand inneheld slekta om lag 75 artar (Mummenhoff og Koch 1994). Meyer (1973, 1979) sin revisjon av slekta, basert på analysar av frøskal, munna ut i ei oppsplitting i fleire små slekter. Denne oppsplittinga vart bekrefta av ei rekkje molekylære undersøkingar (sjå Mummenhoff-referansane under). Den opphavelege klassifiseringa var bygd mykje på fruktkarakterar, og Mummenhoff mfl. (1997) syner at dette ikkje er pålitelege karakterar i denne slekta.

Av dei artane som Linné inkluderte i slekta Thlaspi, er det no berre éin att: pengeurt Thlaspi arvense. Dei andre åtte artane har landa i 5–6 andre slekter: i Capsella (gjetartaske), Noccaea (vårpengeurt og ein ikkje-norsk art), Lepidium (markkarse og ein ikkje-norsk art), Aethionema (ein ikkje-norsk art), Mummenhoffia (ein ikkje-norsk art), og Microthlaspi (småpengeurt).

I nyare systematikk blir slekta Microthlaspi ofte inkludert i den mykje større slekta Noccaea. Vi følgjer her Meyer (1973) og held førebels desse to slektene frå kvarandre.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Microthlaspi F.K.Meyer. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 599–600.

Al-Shehbaz (2014). A synopsis of the genus Noccaea (Coluteocarpeae, Brassicaceae). Harvard Papers in Botany 19: 25–51.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Clapham AR og Akeroyd JR (1993). Thlaspi L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 384–388.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Esmailbegi S, Al-Shehbaz AI, Pouch M, Mandáková T, Mummenhoff K, Rahininejad MR, Mirtadzadini M og Lysak MA (2018). Phylogeny and systematics of the tribe Thlaspideae (Brassicaceae) and the recognition of two new genera. Taxon 67: 324–340.

Linné C (1753). Species Plantarum 1–2. Holmiae.

Meyer FK (1973). Conspectus der “Thlaspi”-Arten Europas, Afrikas und Vorderasiens. Feddes Repertorium 84: 449–470.

Meyer FK (1979). Kritische Revision der «Thlaspi»-Arten Europas, Afrikas und Vorderasiens: I. Geschichte, Morphologie und Chorologie. Feddes Repertorium 90: 129–154.

Mummenhoff K, Franzke A og Koch M (1996). Molecular phylogenetics of Thlaspi s.l. (Brassicaceae) based on chloroplast DNA restriction site variation and sequences of the internal transcribed spacers of nuclear ribosomal DNA. Canadian Journal of Botany 75: 469–482.

Mummenhoff K, Franzke A og Koch M (1997). Molecular data reveal convergence in fruit characters used in the classification of Thlaspi s.l. (Brassicaceae). Botanical Journal of the Linnean Society 125: 183–199.

Mummenhoff K og Koch M (1994). Chloroplast DNA restriction site variation and phylogenetic relationships in the genus Thlaspi sensu lato (Brassicaceae). Systematic Botany 19: 73–88.

Mummenhoff K og Zunk K (1991). Should Thlaspi (Brassicaceae) be split? Preliminary evidence from isoelectric focusing analysis of Rubisco. Taxon 40: 427–434.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Småpengeurtslekta Microthlaspi F.K.Mey. www.artsdatabanken.no/Pages/313804. Lasta ned <dag.månad.år>.