Strandlevkøyslekta omfattar i overkant av ti artar. Éin art er funnen i Noreg, og han er framand og komen inn med grasfrø og transportmiddel: strandlevkøy.

Plantane er eittårige med tiltrykte, regelrett greina hår med 2–4 greiner (hårstrålar). Blada er enkle og heile eller tanna. Begerblada er tiltrykte, og dei to indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er rosa til purpur. Frukta er ei langskulpe med eit to-flika arr og frø i éi rekkje i kvart skulperom.

Strandlevkøy-artane er utbreidde frå midtre Middelhavsområdet og austover til Pakistan og Sentral-Asia.

Dei to artane som har vore rekna til Malcolmia i Noreg, høyrer no til to ulike slekter. Botschantzev (1972) skil mellom Malcolmia (med om lag 11 artar) og den større slekta Strigosella Boiss. (med 20–24 artar), og dette blir følgt av til dømes Al-Shehbaz (2010) og Plants of the World Online (POWO). Då høyrer arabarlevkøy (tidlegare Malcolmia africana) til Strigosella som Strigosella africana (L.) Botsch., medan strandlevkøy Malcolmia maritima blir att i Malcolmia.

Artane i slektene Malcolmia og Strigosella kan bli forveksla med artar i hornlevkøyslekta Matthiola. Om ein er i tvil, er det berre å sjå på skulpa! Hos Malcolmia og Strigosella smalnar skulpa til ein kort griffel, og toppen av skulpa er utan horn. Hos Matthiola har toppen av skulpa to horn som er utvekstar på ryggen av dei to arrflikane. For skilnadar mellom Malcolmia og Strigosella, sjå dei to norske artane.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Strigosella Boissier. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 553–554.

Ball PW og Akeroyd JR (1993). Malcolmia R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 337–339.

Botschantzev VP (1972). The genus Strigosella Boiss. and its relation to the genus Malcolmia R. Br. Botanicheskiy Zhurnal (Moskva og Leningrad) 57: 1033–1046 [på russisk].

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Strandlevkøyslekta Malcolmia W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/313802. Lasta ned <dag.månad.år>.