Silkedodreslekta
Lobularia
Silkedodreslekta er ei lita slekt med kanskje berre fire artar utbreidde frå Kapp Verde-øyane, Kanariøyane og Madeira og vidare austover kring Middelhavet og til Arabia og Iran. Berre éin art er funnen i Noreg, som framand: silkedodre.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Plantane er eitt- eller flerårige urter og dvergbuskar der stenglar og blad er tett kledde med tiltrykte, midtfesta gaffelhår utan skaft (malpighiske hår). Blada er enkle og heile. Begerblada sprikjer og er ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er kvite eller noko purpurfarga og heile. Frukta er ei litt oppblåsen kortskulpe med skiljeveggen på langs og der veggane har ein meir eller mindre tydeleg midtnerve. Skulpa har ein tydeleg griffel og 1–5 frø i kvart skulperom. Artane er omskiftelege når det gjeld kromosomtal; dei er di- og tetraploide med grunntala x = 11, 12 og 13 og kromosomtala 2n = 22, 24, 26 og 44.
Lobularia-artane veks på tørre, varme stader, ofte på berg, og er utbreidde i Makaronesia (Kapp Verde-øyane, Kanariøyane, Madeira), i Sør-Europa frå Portugal til Hellas, i Nord-Afrika frå Vest-Sahara og Marokko til Egypt, og i Vest-Asia frå Middelhavet til Iran. Éin av artane, Lobularia maritima, er mykje brukt som prydplante i alle subtropiske og tempererte strøk og er funnen forvilla talrike stader i Nord- og Sør-Amerika, Sør-Afrika, Mellom-, Nord- og Aust-Europa og i Asia spreidde stader frå Tyrkia aust til Kina.
Artstalet er noko uvisst. Éin av dei fire artane, Lobularia canariensis, er svært formrik og har vore delt opp i ni underartar. Fleire av desse blir stundom oppfatta som særskilde artar (sjå Borgen 1987, 2010). Slekta har ei svært utprega mediterran utbreiing.
Kjelder
Ball PW (1993). Lobularia Desv. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 371.
Borgen L (1987). Lobularia (Cruciferae). A biosystematic study with special reference to the Macaronesian region. Opera Botanica 91: 1–96.
Borgen L (2010). Lobularia Desvaux. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 597–598.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hohenester A og Weiss W (1993). Excursionsflora für die Kanarischen Inseln mit Ausblicken auf ganz Makaronesien. Verlag Eugen Ulmer, Stuttgart. 374 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Silkedodreslekta Lobularia Desv. www.artsdatabanken.no/Pages/313800. Lasta ned <dag.månad.år>.