Matkarseslekta er ei nokså stor slekt, med meir enn 260 artar utbreidde over heile jorda bortsett frå i Arktis og i Antarktis. Slekta omfattar no òg dei tidlegare honningkarse- og ramkarseslektene. I Noreg er det funne 15 artar, og berre éin av desse er oppfatta som (dels) heimleg: strandkarse.

Slekta er her representert med den framande arten tettkarse frå Hundorp i Sør-Fron, Oppland. Matkarseslekta Lepidium er kjent med 15 artar i Noreg, og berre éin av desse er (dels) heimleg.

Lepidium-artane er eitt- til fleirårige urter. Dei er snaue eller med ugreina hår. Blada kan vere heile, tanna eller éin til fleire gonger fjørdelte. Blomane er små og sit i rikbloma klasar. Begerblada kan vere tiltrykte, oppstigande eller sprikjande og er utan sekkforma grunn. Kronblada er kvite eller stundom bleikgule, små, og nokre artar manglar kronblad. Mange artar har blomar med berre to pollenberarar, noko som er uvanleg i familien der artane oftast har seks. I det norske utvalet av Lepidium-artar er talet nokså jamt fordelt. Fruktene er kortskulper som er runde eller breiast nedanfor midten (eggforma eller omvendt hjarteforma) eller som to halvkuler i omriss, ofte vengjekanta, med skiljeveggen på tvers og med eitt frø i kvart skulperom. Skulper er naudsynte for sikker identifisering av fleire av artane.

Storparten av artane har grunnkromosomtalet x = 8. Fleire artar er diploide med kromosomtalet 2n = 16, men det er òg mange polyploide artar med høgare kromosomtal. Det er òg kjent andre grunntal i slekta.

Lepidium er ei nokså stor slekt, med meir enn 260 aksepterte artar utbreidde over heile jorda bortsett frå i Arktis og i Antarktis. I Noreg er det funne 15 artar, hovudsakleg i sør. Med eitt unnatak (strandkarse Lepidium latifolium) er dei norske artane framande og knytte til ulike typar skrotemark. Mange er komne inn med ballastjord og med korn og andre produkt ved møller og kornsiloar, og mange har spreidd seg med transportar langsmed vegar og jernbanar.

Det er mange slekter av krossblomar med frukter som er om lag runde i omriss og som har kvite blomar. Artane i matkarseslekta høyrer til dei som har skiljeveggen på tvers i skulpa. Desse artane har vidare jamstore kronblad (til skilnad frå sandkarseslekta Teesdalia og sløyfeslekta Iberis) og skulpe med smal, men tydeleg kjøl eller vengje i kanten (til skilnad frå gjetartaskeslekta Capsella, skjørbuksurtslekta Cochlearia og kalkkarseslekta Hornungia utan vengje), og dei skil seg frå vårpengeurtslekta Noccaea, pengeurtslekta Thlaspi og småpengeurtslekta Microthlaspi i at matkarseslekta berre har eitt frø i kvart skulperom, medan desse har fleire frø i kvart skulperom. Nokre få artar i matkarseslekta har dessutan skulper som ikkje opnar seg på vanleg måte (nøttskulpe eller skulpe som sprekk opp i to delar der kvar del er ei nøttfrukt); russekålslekta Bunias har óg ei nøttskulpe, men denne planten har gule blomar.

Fruktene er kortskulper som er meir eller mindre avrunda i omriss. Dei er ofte vengjekanta, men hos stankkarse, som vist her, er skulpa smal og førebels ikkje særleg utvikla.

Matkarseslekta er mellom dei slektene der skiljeveggen sit på tvers i skulpa (samanveksningssaumen sit på flata).

Kjelder

Ball PW (1993). Cardaria Desv. + Coronopus Haller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 402.

Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Matkarseslekta Lepidium L. www.artsdatabanken.no/Pages/313799. Lasta ned <dag.månad.år>.