Kalkkarseslekta
Hornungia
Kalkkarseslekta, slik ho no blir oppfatta, er ei lita slekt med om lag sju artar av berg- og fjellplantar i Europa, Nord-Afrika og Vest- og Sentral-Asia. To artar er funne i Noreg, éin heimleg, kalkkarse, og éin framand, rukkekarse.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane er eitt- til fleirårige urter med djupt fjørdelte blad. Dei er snaue eller kan ha regelrett greina stjernehår eller ugreina hår. Blomestandane er klasar med kvite blomar. Frukta er ei kortskulpe med skiljeveggen på tvers. Ofte er det få frø i kvart skulperom.
Storparten av artane er knytt til berg eller tørr, open mark (sand, grus), i hovudsak i fjellstrøk kring Middelhavet og i nærliggjande område.
På grunn av molekylære undersøkingar har kalkkarseslekta Hornungia, som tidlegare berre omfatta 3–4 artar, vorte utvida med artane frå dei tidlegare slektene Hymenolobus Nutt. (med, mellom andre, rukkekarse) og Pritzelago Kuntze. Sjå Appel og Al-Shehbaz (1998), Mummenhoff mfl. (2001) og Al-Shehbaz (2010). Artane frå desse slektene har mykje samanfall med kalkkarse i økologi (berg og tørr jord) og geografi (samla sett har dei ei brei mediterran utbreiing).
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Hornungia Reichenbach. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 530–531.
Appel O og Al-Shehbaz IA (1998). Generic limits and taxonomy of Hornungia, Pritzelago, and Hymenolobus (Brassicaceae). Novon 7: 338–340.
Heywood VH (1993). Hymenolobus Nutt. + Hornungia Reichenb. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 382–383.
Mummenhoff K, Brüggemann H og Bowman JL (2001). Chloroplast DNA phylogeny and biogeography of Lepidium (Brassicaceae). American Journal of Botany 88: 2051–2063.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kalkkarseslekta Hornungia Rchb. www.artsdatabanken.no/Pages/313796. Lasta ned <dag.månad.år>.