Rublomslekta
Draba
Rublomslekta Draba er den største slekta i krossblomfamilien, både globalt og i Noreg. Globalt har ho ein stad mellom 380 og 430 artar. I Noreg veks kring 20 artar, hovudsakleg i fjellet og i Arktis, men òg med nokre artar i låglandet. Dei er, med nokre få unnatak, heimlege.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Rublom-artane er små urter, anten eittårige med rosett og utan stengelblad eller berre med ein liten rosett som visnar tidleg, men med store stengelblad, toårige med rosett og stengelblad, eller fleirårige med rosett og med eller utan stengelblad. Utanfor Noreg er det òg nokre halvbuskar. Hårtypane er svært viktige for identifikasjon og krev ei god lupe (8–10× eller meir!). Stengel, blad og skulper kan ha ugreina hår (òg kalla enkle hår) og/eller fleire typar greina hår: gaffelhår med to opprette greiner, uregelrett fleirgreina (dendroide) hår, og stjernehår som har fleire regelrette greiner frå eitt punkt. Dei sistnemnde kan vere langskafta og har då oftast berre 3–4 greiner om lag jamlange med skaftet (ofte kalla krusiforme hår), eller dei kan vere kortskafta og fleirgreia med få (fågreina hår) eller mange greiner (mangegreina hår) som stundom er greina på ny. Blada er heile eller noko tanna. Hos storparten av artane sit hovuddelen av blada i ein rosett ved grunnen, men fleire artar har òg stengelblad, og nokre har mest berre stengelblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg meir eller mindre i fruktstadiet. Blomane er frå nokså til svært små, det vil seie at kronblada er opptil 6 mm lange. Begerblada er opprette, og dei er ikkje eller berre svakt sekkforma ved grunnen. Kronblada er kvite eller gule og oftast noko utranda (djupt kløyvde hos Draba verna). Artane med dei største blomane er både insekt‑ og sjølvpollinerte; dei småbloma artane hovudsakleg sjølvpollinerte. Frukta er ei kortskulpe som er elliptisk til om lag rund, eggforma eller lansettforma, eller omvendt eggforma med nokså til svært kort griffel, med skiljeveggen på langs og med to rekkjer frø i kvart skulperom. Nokre artar har berre éin utydeleg midtnerve på skulpeveggane, andre har midtnerve pluss eit nettverk av sidenervar. For sikker identifikasjon må ein ofte ha plantar med noko utvikla frukter, men fleire trekk ved frukta er òg synleg på fruktknuten i blomen, til dømes hårklednad og griffel.
Artane har grunnkromosomtal som varierer frå x = 6 til 12, og dei er frå diploide til høgpolyploide med kromosomtal frå 2n = 12 til 144.
Draba-artar er utbreidde over heile den nordlege halvkula sør til Aust-Afrika og Himalaya og dessutan i vestlege Sør-Amerika (i Andesfjella). Storparten av artane er knytte til berg, fjell og tundra, men mange veks òg i låglandet.
Storparten av forfattarar held i dag Draba samla som éi stor slekt, men nokre skil ut dei eittårige i to små satellittslekter: Erophila DC. med vårrublom som Erophila verna (L.) Chevall., og Drabella (DC.) Fourr. med murrublom som Drabella muralis (L.) Fourr. og vegrublom som Drabella nemoralis (L.) Bubani; sjå til dømes Stace (2019).
Dette er éi av nokså få slekter som er særleg utgreidde i Noreg og nærområda. Den svenske forskaren Elisabeth Ekman ofra mange år på denne slekta og har ei rekkje viktige publikasjonar fram til 1930-talet. I Noreg er det gjort to doktorgradar og ei hovudoppgåve på ho i seinare tiåra: Christian Brochmann i 1992 (sjå til dømes Brochmann mfl. 1992a og b, 1993), Hanne Hegre Grundt i 2003 (sjå Grundt 2003) og Anne-Cathrine Scheen i 1999 (sjå Scheen 1999). Brochmann sine publikasjonar dekkjer ein stor del av dei norske artane, men undersøkingane er gjorde i ein periode med nokså lite differensierande molekylære markørar, og det står att mange spørjeteikn. Hanne og Anne-Cathrine sine publikasjonar gjeld mindre grupper av artar som er undersøkte med meir differensierande metodar. I denne slekta er det difor ei uvanleg mengd av spørsmål som treng svar, det vil seie handsaming ut frå dei molekylære metodane som er tilgjengelege i dag. At det framleis er mogeleg å gjere oppdagingar av nye artar i slekta syner Elven og Al-Shehbaz (2008), ein artikkel som blei skriven på to dagar då Ihsan Al-Shehbaz var opponent i Oslo.
Fleire av dei artane som er omtala, er svært formrike og kan ha fleire ulike opphav (frå fleire ulike kryssingar og polyploidiseringar). Dei kan difor omfatte fleire evolusjonære liner som kanskje heller burde bli oppfatta som særskilde artar. Særleg problematiske er nok Draba cinerea, Draba corymbosa, Draba hirta og Draba rupestris.
Draba-artane kan bli forveksla med mange andre krossblomar, men skulpeformen (ei elliptisk til eggforma til avrunda kortskulpe) er nokså særprega, men det er ofte kombinasjonen av fleire karakterar som avslørar at ein har med ein Draba å gjere: den nemnde skulpeforma saman med til dømes blomefarge og -storleik, hårtypar og veksestad.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992a). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992b). Recurrent formation and polyphyly of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). American Journal of Botany 79: 673–688.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R og Al-Shehbaz IA (2008). Draba simmonsii (Brassicaceae), a new species of the D. micropetala complex from the Canadian Arctic Archipelago. Novon 18: 325–329.
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Grundt HH (2003). The arctic-alpine polyploid Draba lactea and its low-ploid relatives – evolution and taxonomy. Dr. scient-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Jordan-Thaden I, Hase I, Al-Shehbaz IA og Koch MA (2010). Molecular phylogeny and systematics of the genus Draba (Brassicaceae) and identification of its most closely related genera. Molecular Phylogenetics and Evolution 55: 524–540.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Scheen A-C (1999). Molecular and morphological variation in Draba lactea (Brassicaceae) and its putative progenitors in Svalbard. Cand. Scient-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Rublomslekta Draba L. www.artsdatabanken.no/Pages/313787. Lasta ned <dag.månad.år>.