Mursennepslekta
Diplotaxis
Mursennepslekta inneheld om lag 40 artar som er heimlege hovudsakleg i subtropiske strøk. Det er funne tre artar av slekta i Noreg, og alle er framande og meir eller mindre sjeldsynte. Dei er knytt til innførsel med ballastjord og annan transport, og éin av dei til forvilling frå dyrking.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Mursennepslekta inneheld eitt- til fleirårige urter. Plantane er om lag eller heilt snaue og har djupt buktflika blad. Blomane sit i opne klasar utan støtteblad. Kronblada er gule eller kvite og nokså store. Skulpa er ei grann, noko flattrykt langskulpe. I veggdelen av skulpa har kvar vegg éin kraftig nerve, og det sit frø i to rekkjer i kvart skulperom. Skulpa har eit svært kort, utydeleg nebb (griffeldelen).
Mursennepslekta har bortimot 40 aksepterte artar og er utbreidd som heimleg frå Makaronesia austover kring Middelhavet og til Himalaya, hovudsakleg i subtropiske strøk.
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Heywood VH, Akeroyd JR og Martínez-Laborde JB (1993). Diplotaxis DC. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 404–405.
Martínez-Laborde JB (2010). Diplotaxis de Candolle. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 432–433.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Mursennepslekta Diplotaxis DC. www.artsdatabanken.no/Pages/313786. Lasta ned <dag.månad.år>.