Strandreddikslekta er ei lita slekt av salttolerante havstrand- og ørkenplantar, med berre éin art i Noreg. Plants of the World Online (POWO) aksepterer sju artar i slekta, men den eine av desse reknar vi no som ein underart av vår art. Fire av dei seks artane er utbreidde i Amerika, i eit belte frå Aust-Canada sør til Colombia og Venezuela, medan dei to siste er eurasiatiske.

Artane er eittårige, snaue, ofte noko blågrøne og nokså saftfulle (sukkulente). Stenglane er nedliggjande eller opprette og veks ofte i sikk-sakk. Blada varierer mykje, frå rundtanna til svært djupt flika. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er oftast tiltrykte og er ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er nokså store, noko utranda, med eit grant skaft, og dei varierer i farge frå kvit til lyst raudfiolett. Frukta er ei leddskulpe med to ledd, det nedre med 0–1 frø, det øvre med 1(–2) frø.

Artane i strandreddikslekta er utbreidde på havstrender i Europa, Nord-Afrika, Vest-Asia og i nordlege Sør-Amerika, Mellom-Amerika og austlege Nord-Amerika. Eit par artar har òg blitt kulturspreidde til havstrender i vestlege Nord-Amerika, Sør-Amerika, Aust-Asia og Australia–New Zealand. Éin art (Cakile arabica) er ein ørkenplante i Vest-Asia: på Den arabiske halvøya, i Israel, Irak og Iran. I Europa (med unnatak for Azorane) er det berre éin art: strandreddik Cakile maritima.

I eldre litteratur kan ein stundom sjå to artar rapporterte frå Noreg (og Europa): den hovudsakleg europeiske Cakile maritima og den amerikanske Cakile edentula. Löve og Löve (1947) rapporterte at plantane på Island, og storparten av dei i Nord-Noreg, skilde seg frå europeisk Cakile maritima i utsjånad på frukter og blad, og at dei var tetraploide med kromosomtalet 2n = 36, bygd på teljingar frå mange strender på Island. Dei førde desse plantane til den amerikanske arten, det vil seie Cakile edentula. Europeisk Cakile maritima er diploid med kromosomtalet 2n = 18. Alt her var feil. Gorenflot (1970) etterprøvde resultata til ekteparet Löve og fann berre diploide plantar på dei strendene der ekteparet Löve rapporterte tetraploide plantar. At heile eller stordelen av den islandske populasjonen skulle ha gjennomgått ei haploidisering (halvering av kromosomtal) mellom 1947 og 1970, er genetisk umogeleg. Rodman (1974) fann berre diploide plantar òg i amerikansk Cakile edentula. Gjelsås (1970) fann berre diploide plantar i Noreg, men han fann nokre få døme på polyploidisering i einskilde celler (sokalla endopolyploidi). Alt tyder på at resultata til ekteparet Löve var vitskapleg juks; dei har nok funne ein eller fleire tetraploide celler, og så ekstrapolerte dei dette resultatet til heile det islandske materialet. Dei rapporterte fleire slike resultat i andre plantegrupper, hovudsakleg for å styrke deira argumentasjon om at det er eit sterkt amerikansk element i floraen på Island.

Desse resultata var kjende på 1970-talet, og hos Elven og Gjelsås (1981) blir dei nordlege plantane i Noreg førde til ein underart av europeisk Cakile maritima. Likevel held Gjærevoll i Lid (1985) fram med å rapportere Cakile edentula frå Noreg. I røynda er den amerikanske Cakile edentula ikkje kjent frå austsida av Atlanterhavet, berre frå Azorane midt ute i havet, der han er innført.

Kjelder

Ball PW (1993). Cakile Miller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 413–414.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R (2007). Cakile Mill. I Flora Nordica. Upublisert manus.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Gjelsås T (1981). Strandreddik (Cakile Mill.) i Norge. Blyttia 39: 87–106.

Gjelsås T (1970). Variasjonen innen norske populasjoner av Cakile Mill. (Cruciferae). Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.

Gorenflot R (1970). Caryologie du Cakile edentula (Bigelow) Hooker ssp. islandica (Gand.) Á. & D. Löve. Comptes Rendus de l’Académie des Sciences Paris, Series. D, 270: 3220–3223.

Lid J (1985). Norsk svensk finsk flora (5. utg. av Norsk flora ved O Gjærevoll). Det Norske Samlaget, Oslo. 837 s.

Löve Á og Löve D (1947). Studies on the origin of the Icelandic flora. 1 Cyto-ecological investigations on Cakile. Reports of the Icelandic University Institute of Applied Sciences, Department of Agriculture, Series B, 2. 29 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rodman JE (1974). Systematics and evolution of the genus Cakile (Cruciferae). Contributions from the Gray Herbarium 205: 3–146.

Rodman JE (2010). Cakile Miller. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 424–428.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Strandreddikslekta Cakile Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/313774. Lasta ned <dag.månad.år>.