Russekålslekta
Bunias
Russekålslekta har berre to eller tre artar som er utbreidde som heimlege i Mellom- og Sør-Europa, og nokre få stader i Nord-Afrika, men særleg austover i europeisk Russland og i Asia til Kina. I Noreg har vi ein vidt utbredt art, russekål, og ein som berre er funnen éin gong, taggkål. Begge er framande.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane er eitt-, to- eller fleirårige og meir eller mindre grovvaksne. Dei er håra med ugreina og uregelrett greina hår og med fleircella kjertelvorter. Grunnblada er enkle og flika til fjørdelte med stor endeflik; stengelblada er ofte berre grunt tanna. Stengelen er ofte rikt greina med brei blomestand. Kronblada er gule. Frukta er ei kort nøttskulpe med 1–4 frø. Ho har anten fire kantar eller fire vengjer.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Bunias Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 444–445.
Ball PW (1993). Bunias L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Russekålslekta Bunias L. www.artsdatabanken.no/Pages/313773. Lasta ned <dag.månad.år>.