Kvitdodreslekta
Berteroa
Kvitdodreslekta er ei lita slekt med totalt seks artar. Fem av artane er nokså lokale i Søraust-Europa og Tyrkia. Den sjette arten, vår kvitdodre, er utbreidd som heimleg i om lag heile Europa (unnateke i nord) og Nord- og Mellom-Asia. Hos oss er han framand.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane er eitt- til fleirårige med mykje stjernehår blanda med nokre ugreina hår. Blada er enkle og om lag heile. Begerblada er oppstigande og utan sekk ved grunnen. Kronblada er kvite og er kløyvde om lag halvveges til grunnen. To av pollenberarane har pollentråd med tannforma vedheng ved grunnen. Frukta er ei kortskulpe, berre litt lengre enn brei, og ho er litt oppblåsen. Frøa sit i ei eller to rekkjer i kvart skulperom, og det sit 2–6 frø i kvart skulperom.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Berteroa de Candolle. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 252–253.
Ball PW (1993). Berteroa DC. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 369–371.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kvitdodreslekta Berteroa DC. www.artsdatabanken.no/Pages/313770. Lasta ned <dag.månad.år>.