Vinterkarseslekta omfattar 20–30 artar som hovudsakleg veks på den nordlege halvkula. I Noreg er éin art heimleg, stakekarse, medan tre artar er framande. Éin av desse er mellom dei mest utbreidde framande plantane i landet, nemleg vinterkarse.

Vinterkarseslekta finst med fire artar i Noreg, og tre av dei er framande. Vinterkarse, som er avbilda her, er mellom dei mest utbreidde framande planteartane i landet.

Vinterkarse-artane er to- eller fleirårige, snaue eller svært lite håra urter. Har dei nokre hår, så er dei ugreina. Stenglane er oftast kantete. Grunnblada er djupt buktflika til buktdelte, medan stengelblada kan vere buktflika eller berre tanna. Dei er alltid meir eller mindre stengelomfattande ved grunnen. Begerblada er oftast tiltrykte, og dei indre er litt sekkforma ved grunnen. Kronblada er alltid gule. Frukta er ei langskulpe som kan vere frå trinn til tydeleg firkanta i tverrsnitt. Skulpeveggane har ein tydeleg midtnerve og nettforma sidenervar. Skulpa har ein kort, men tydeleg griffel. Arret er heilt eller grunt toflika. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Slekta er utbreidd som heimleg i boreale, tempererte og dels subtropiske område på heile den nordlege halvkula, og ho er òg heimleg i Aust-Afrika og kanskje i søraustlege Australia.

Slekta kan likne mykje på andre gulbloma krossblomar, men kanskje mest på gullslekta Erysimum, kålslekta Brassica og reddikslekta Raphanus. Gullslekta skil seg frå vinterkarseslekta i at plantane har greina, tiltrykte (malpighiske) hår og i at blada knapt er flika. Kålslekta er mangfaldig, men skil seg særleg i at griffeldelen av skulpa er mykje lengre og meir velutvikla enn hos vinterkarseslekta. Reddikslekta skil seg i at ho har leddskulpe.

Artane i slekta er lite håra og har ofte kantete stenglar. Stengelblada er meir eller mindre stengelomfattande.

Grunnblada er djupt buktflika, som her hos vinterkarse, eller buktdelte.

Kronblada er gule, og to av begerblada er litt sekkforma ved grunnen.

Frukta er ei langskulpe som kan vere frå trinn til tydeleg firekanta i tverrsnitt. Skulpeveggane har ein tydeleg midtnerve og nettforma sidenervar. Skulpa har ein kort, men tydeleg griffel. 

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Barbarea W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 460–463.

Ball PW (1993). Barbarea R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 342–343.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vinterkarseslekta Barbarea W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/313769. Lasta ned <dag.månad.år>.