Grådodreslekta er ei nokså stor slekt, og heile 70 artar er kjende frå Europa med eit tyngdepunkt kring Middelhavet. Berre tre artar er funne i Noreg, og alle er framande. Ein av desse, grådodre, er bufast og godt etablert i norsk natur, dei to andre er berre tilfeldige.

Grådodre er den einaste av dei tre framande Alyssum-artane som er godt etablert i landet.

Grådodre-artane er eitt- til fleirårige urter og små buskar (i Noreg berre eitt- til toårige), oftast tetthåra med stjernehår, stundom med eit samanvakse, skjoldforma parti i midten (sokalla skjoldhår), uregelrett greina (dendroide) hår, gaffelhår og ugreina hår. Grunnblad og stengelblad er oftast like, men grunnblada visnar oftast under bløminga, slik at alle dei fungerande blada er på blomestenglane. Blada er heile eller om lag heile. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er oftast tiltrykte, men ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule hos storparten av artane, men dei bleiknar under bløminga, og dei er heile eller utranda. Eit spesielt trekk ved slekta er variasjon i utsjånaden på pollentrådane. Dei kan vere utan vengjer eller ha vengje på den eine eller begge sidene, og dei kan ha tannforma vedheng nedst. Ein treng ei god lupe for å sjå dette, men det er ein viktig karakter då pollentrådane faktisk er ulike i dei to seksjonane som dei norske artane høyrer til. Frukta er ei noko avflata kortskulpe som er avrunda i omriss og som har skiljeveggen på langs. Ho har ein tydeleg, men ofte kort, griffel. Det sit oftast to frø i kvart skulperom. Dei er ofte vengjekanta.

Slekta Alyssum er nokså stor, med ein stad mellom 110 og 170 artar utbreidde i Europa, Nord-Afrika, Nord- og Mellom-Asia sør til Arabia og Tibet, og med éin art som kryssar Beringstretet til Alaska og Yukon Territory. Ball og Dudley (1993) rapporterer 70 artar frå Europa åleine, og slekta har sitt globale tyngdepunkt kring Middelhavet. Storparten av artane veks på tørre stader, ofte på berg eller sandjord.

Alyssum-artane liknar mest på artar av steindodreslekta Aurinia. Dei skil seg frå desse i at Aurinia-artane oftast er mykje meir forveda, halvbuskar meir enn urter, og mellom anna i at Alyssum-artane har stjernehåra skulper, medan Aurinia har snaue.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Alyssum Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 247–251.

Ball PW og Dudley TR (1993). Alyssum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 359–369.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Grådodreslekta Alyssum L. www.artsdatabanken.no/Pages/313764. Lasta ned <dag.månad.år>.