Fjellsoleihov
Caltha palustris subsp. radicans
Fjellsoleihov er den vanlege underarten av soleihov på fuktige stader i fjellskogen og fjellet over det meste av landet. Han er truleg òg utbreidd i låglandet langsmed kysten frå Vestlandet til Finnmark.
Kjenneteikn
Fjellsoleihov er ei 10–20 cm høg, fleirårig urt med saftfull stengel. Greinene er nedliggjande og set ofte røter i bladfesta. Blada er enkle, breitt nyreforma eller avrunda trekanta, tanna og snaue. Kvar stengel har éin eller nokre få blomar som er 1,5–3 cm breie, med fem skinande gule petaloide (kronbladliknande) begerblad som er smalare enn hos subsp. palustris og som ikkje overlappar kvarandre i kantane. Kronblad manglar. Dei 5–15 fruktblada vert til skolmkapslar.
Kromosomtal
Heksa- og oktoploid med grunntal x = 8. 2n = 48, 56, 60, 64. Teljingar på 2n = 56 er mellom anna utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Fjellsoleihov veks i fuktig beitemark, i sumpskog, sump, vasskantar og grøfter, og i våte snøleie i fjellet. Han er vanleg i fjellskogen og snaufjellet over heile landet, og han er funnen opp til ca. 1200 moh. Han er hovudsakleg utbreidd frå mellomboreal til subarktisk sone og går opp i lågalpint høgdebelte. Underarten er elles sirkumpolar.
Underartane av Caltha palustris er ikkje godt handsama, korkje i herbariesamlingane eller i andre kjelder. Karta er difor lite informative. Noko av dette skuldast at eit eldre namn som var mykje nytta for fjellsoleihov (Caltha minor eller Caltha palustris subsp. minor), har synt seg å vere eit synonym for stor soleihov, og dette er ikkje rydda opp i samlingsdata og eldre opplysningar. Dei to underartane er dessutan noko uklårt skilde. Fjellsoleihov er mykje meir utbreidd i fjellstrøk og nordpå enn kartet syner.
Forvekslingar
Fjellsoleihov kan verte forveksla med den andre underarten, stor soleihov, men kan skiljast frå han ved at han har nedliggjande greiner som ofte set røter i bladfesta, medan stor soleihov har oppstigande greiner som ikkje set røter. Blomane er dessutan noko mindre hos fjellsoleihov (1,5–3 cm mot 2–4 cm) som òg har smalare blomeblad som ikkje overlappar kvarandre i kantane, medan stor soleihov har breiare blomeblad som ofte overlappar kvarandre.
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V Yu og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org
Piirainen M (2001). Caltha L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 328–331.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Fjellsoleiehov Caltha palustris subsp. radicans (T.F.Forst.) Syme. www.artsdatabanken.no/Pages/286505. Lasta ned <dag/månad/år>.