Insekt som lever innandørs – potensielle dørstokkartar?
Mange framande artar er allereie på plass i Noreg, og er klare til å ta steget ut i norsk natur. Dette kan vere artar som førebels har heimen sin innandørs.
- Innhold
- Jamn straum av insekt til Noreg
- Insekt innandørs – ei samansett gruppe
- Somme tek steget heilt ut
Framande artar som lever godt innandørs, har ulik evne til å klare seg utandørs. Det kan vere berre eit tidsspørsmål før ein del av dei etablerer seg i norsk natur. Dette gjeld både artar som stadig blir innførte til Noreg, og artar som alt er på plass her.
Jamn straum av insekt til Noreg
Ei rekkje insektartar blir innførte til Noreg som blindpassasjerar med ulike handelsvarer eller med anna reisegods. Desse blir ofte fyrst funne innandørs. Folkehelseinstituttet sin database over innrapporterte tilfelle i perioden 1994 til 2018, viser at meir enn 300 slike innandørsartar blir jamleg rapportert frå Noreg. I tillegg kjem ei rekkje tilfeldige artar som berre er introduserte éin eller eit fåtal gonger. Desse må krysse dørstokken før dei blir ein framand art i norsk natur.
Insekt innandørs – ei samansett gruppe
Insekt som berre er funne innandørs kan vere svært ulike med omsyn til reproduksjonsbiologi, invasjonspotensial og historikk. Mange har ikkje noko moglegheit til å reprodusere hos oss, verken inne eller ute. Andre kan reprodusere i mediet dei er introduserte i, og såleis fullføre nokre generasjonar også utandørs. Men dei vil ikkje klare å etablere seg. Ei tredje gruppe er dei som reproduserer jamleg innandørs, men som aldri vil klare overvintring i norsk natur. Desse er ofte avhengige av introduksjonar av nye individ for å oppretthalde bestandar i Noreg over tid. Nokre innandørsartar er mindre krevjande og kan opptre utandørs sommarstid. Dei spreier seg på denne måten frå hus til hus og opprettheld bestandane ved å reprodusere innandørs. Nokre av desse blir også mistenkte for å kunne reprodusere utandørs, f.eks. vepsebolklanner Reesa vespulae. Slike innandørsartar kan betraktast som dørstokkartar og er risikovurderte.
Somme tek steget heilt ut
Mange av insekta som lever innandørs kan truleg reprodusere utandørs. Dei fleste har ei lang historie i Noreg som ofte strekkjer seg tilbake til før 1800. Dette gjeld f.eks. somme artar tjuvbiller Ptininae, museumsbille Anthrenus museorum og fleskebille Dermestes lardarius. Andre artar har tatt steget heilt ut og etablert seg utandørs. Mange billeartar som normalt finst i tilknyting til muggsoppar innandørs og i kjellarar (familiane Cryptophagidae og Latridiidae), er eksempel på etablerte framande artar, fordi dei finst i liknande miljø i naturen, f.eks. i rotnande plantedelar eller hole trær.