Global Biodiversity Information Facility
GBIF – The Global Biodiversity Information Facility – blei etablert i 2001 for å sikre fri og open tilgang til data om biologisk mangfald i verda via Internett.
Gjennom eit globalt nettverk av land og organisasjonar bidrar GBIF til mobilisering, tilgang og bruk av informasjon. Noreg leverer data til GBIF gjennom ein eigen nasjonal node, som er tilknytt Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Det meste av informasjonen frå Noreg kjem via Artsdatabanken.